Solveig og Morris i Portugal

Vi tar fri frå kvardagen og reiser eit år på lykke og fromme i Portugal. Huset vårt heime er leigd ut, bilen er seld, og barna er blitt ungdommer som klarer seg sjølve. Alt ligg tilrette for eit annaleis år i livet. Året vårt!

mandag, mars 26, 2007





Laurdag var vi i Lisboa og søndag på marknad.

fredag, mars 23, 2007


Onsdag formiddag var det soling på verandaen og nydeleg lunsj i Tornada. Vi har funne "vår" restaurant! Takk for tipset, Stein! Gjestane besto av alle slags typer vanlege folk frå området, kelnarane var uvanleg hjelpsomme og hyggelege, interiøret vanleg og folkeleg, maten uvanleg god og porsjonane enorme! Halv porsjon har fått ny betydning. Det var heilt uråd å få i seg "meia dose". Prisane var heilt borti natta! 80 kroner for tre retter med drikke! Etter lunsj var vi i byen. Stein prøvde å hjelpe oss med billettar til Benefica-Porto-kampen som skal vere på palmesøndag, men vi lykkast ikkje. (Vi jobber videre med saka, Dag Sigurd, Peder, Erlend og Karl!) Vi drakk kaffi både på konditoriet med dei gule stolane og i parken. Vi besøkte fabrikkutsalet med Bordalho Pinheiro-keramikk, og handla litt der også. Solveig rakk å få tatt synsundersøkelse hos ein optiker, så no er livet med billigbriller snart over. Med god assistanse frå Ellen, Aasmund og Morris blei innfatning valgt, - raskt og med stor overbevisning. Om eit par dagar skal dei progressive sitte på nasen. Heimturen gjekk om Foz do Arelho og kysten nordover til Salir. Gjestane våre jubla heile vegen! I går torsdag, var det soling før lunsj og tur til Alcobaca og Batalha for Ellen, Aasmund og Morris sin del. Dei var innom den keramikkfabrikken/verkstaden vi har skrive om før her. Det er som alltid, kjekt å vere saman med Ellen og Aasmund!

onsdag, mars 21, 2007






















Morris og Mildrid køyrde til Lisboa og henta Ellen og Aasmund måndag. Vi fekk ein triveleg kveld saman alle tre søskena Bendixen og to av oss "svigersa". Berre Per mangla. (Ikkje begynn med den klatringa i stige no igjen, Per! Hugs kva for eit tal du skal feire i april!) Mildrid reiste grytidleg tysdags morgon, og vi andre køyrde oss ein biltur litt utpå dagen til Sao Martinho do Poto og Nazare. Kraftig vind gjorde havbårene til eit imponerande skue og byen nesten tom for turistar. Konene med salgsbodene sine var der, og vi kjøpte både nøtter, fiken og aprikoser. Legg merke til han mannen på biletet som driv og rensker opp på utsida av muren! Det er verkeleg så stupbratt som det ser ut til.

søndag, mars 18, 2007






















Vår kjære søster/svigerinne Mildrid landa i Lisboa onsdag. Ho kom med solskin og varme, og vi har hatt godt over 20 gradar sidan! Til og med nettene er varme no! Torsdag starta med standardrepertoaret vårt; Sao Martinho do Porto, Alcobaca, Batalha, og Fatima. Fredag utnytta vi besøket til å få sjå Coimbra. Vi traska trapper og bakkar opp gjennom gamlebyen til toppen, der det nye og det gamle universitetet tronar. Det berømte barokke biblioteket var overveldande, men på grunn av forbod mot blitz, så blei ikkje bileta derifrå brukande. Byen freistar til fleire besøk! Laurdag tok vi for oss Caldas da Rainha, med torget, keramikkmuseet, fabrikkutsalet og parken. Etter ein sving heimom, og Mildrid si smakfulle blomkålsuppe til lunsj, var det Obidos som fekk besøk av oss. I dag, søndag, har turen gått austover gjennom nydeleg landskap, til ein av Portugal sine største marknadar. Sko, klede, levande dyr, møblar, jarnvare, grønsaker, kjøkkenutstyr, vesker, dyrefor, landbruksutstyr, metervare, osv, osv. Hit skal vi også tilbake! Akkurat no er Mildrid og Morris i Nazare. Veldig kjekt å ha besøk av interesserte og entusiastiske Mildrid!

torsdag, mars 08, 2007




















I dag var Solveig gått tom for unnskyldninger, så ho blei med Morris på fottur til Sao Martinho do Porto. Ein flott tur gjennom skog og jordbruk ut til lagunen. Nydeleg ver, men litt vind. Kaffe og is i kafeen, og innom eit vakkert lite 100 år gamalt hotell på stranda, berre for å kike og spørre om pris. Det var overraskande billeg utanom sesongen, 50 Euro for eit rom.

onsdag, mars 07, 2007



Det var gledeleg å møte Anne Elin og Harry i Lisboa mandag! Enda meir gledeleg var det at dei blei med oss til Reguengo og overnatta til i dag. Morris køyrde dei til bussen i føremiddag, fordi dei skulle til middag hos Maria sine AFS-foreldre i Cascais i kveld. Vi rakk til og med nesten å få delta i feiringa av Ann Elin sin 50-års dag! GRATULERER! Trass i at det gjerne går nokre år mellom kvar gong vi møtest, er kontakta straks like god som ho var i 1980-81 på Klæbu!

søndag, mars 04, 2007


Denne veka har vi hatt mykje sol. Varmt om dagen og kaldt om natta. I natt sat vi i hagestova og betrakta måneformørkelsen. Stjerneklart, og ein måne som gradvis blei raud med berre ei tynn skive av gult i kanten. I dag pøsregnar det igjen, og vinden ristar i hus og hagevekstar. Tid for å oppdatere bloggen! Morris har tent opp i peisen, frukosten er fortært for lenge sidan og Solveig har snakka med Erlend, Karl og bror Svein på msn. Må få skryte litt av den spreke Morris! I løpet av veka har han gått heile fire gongar til Sao Martinho do Porto (8km), dvs: 16x4=6,4 mil! Er ikkje han flink? Den første gongen brukte han ca ein og ein halv time pr veg - med gnagsår. I går under ein time. Nykjøpte, fabelaktige joggesko gjorde susen! Han kom heim i 18-tida. Då hadde han nettopp passert ein flokk kvinner samla til messe og song i den vesle kyrkja her i gata, medan mennene sat på uterestauranten i høglytte diskusjonar. I nabolandsbyen, Chao da Parada, var ein gjeng menn i 50-80-års-alderen samla rundt eit slags kastespel, nesten som hesteskokasting. Vi har det bra, og gler oss til meir besøk!