Solveig og Morris i Portugal

Vi tar fri frå kvardagen og reiser eit år på lykke og fromme i Portugal. Huset vårt heime er leigd ut, bilen er seld, og barna er blitt ungdommer som klarer seg sjølve. Alt ligg tilrette for eit annaleis år i livet. Året vårt!

fredag, september 29, 2006

Fekk faktisk sitte over tida paa internett her paa bilblioteket i Guimarâes. Kan nytte hövet til aa fortelje litt meir fraa inntrykka vaare. Tusen takk for alle dei hyggelege helsingane paa bloggen forresten! Alltid like spanande aa sjekke!

Solveig gjekk til frisör i Porto og fekk seg heilt ny frisyre paa grunn av spraakproblem! Ikkje heilt vellykka, men maa leve med det. Folk her er elles svaert velstelte, nyströkne og ordentlege. Sjölv uteliggarane som ligg i trapper og paa benker, verker velkledde. Det var ogsaa ein god del tigging i Porto. Det kan gjerne vere ei eldre, velkledd kvinne som retter fram handa og ber om pengar. Overraskande for oss, men tydelegvis ikkje for folk her, som ser ut til aa gi villig vekk. Det er kanskje ikkje saa rart at eldre folk tigger. Alderspensjonen er paa 800 kr i maanaden blei det oss fortalt. (Kan sjölvsagt ikkje garantere at det er sant!)

Takk og pris for vi ikkje har bil her! Sjölv om vegnettet er godt utbygd og bilparken i fylgje Morris er imponerande, er byane tettpakka med tutande bilar i full fart gjennom trange smug. Parkeringa er anarkistisk og fantasifull. Nei, takke meg til buss! Busstasjonane er under tak. Svaere bussar smyg seg inn portopninga med nokre faa cm klaring. Inne er det gjerne stappffullt med folk og bussar. Ein mann med megafon gaar rundt og annonserer ruteavganger med stemme og tonefall som paa eit hesteveddelöp. Fraa Caldas gjekk det bussar til Coimbra, Porto, Paris, Lisboa, Sevilla, Nazaré, og mange, mange fleire maal. Folk har med vannflasker og dei evinnelege portugisiske kakene som du faar kjöpt overalt. Seljarane kjem gjerne inn i bussen og tilbyr bakervarene sine. Litt for stöyfullt for oss to gamle.

Klokka 12 eller 13 presis gaar luftvernsirena over byane. Daa er det absolutt ikkje siesta,- nei, det er i Spania, - men matpause. Alle slepp det dei har i hendene og har matpause i to timar. Det er lunsj -almoço. Vi skvatt litt fyrste gongen vi höyrde sirena, men no veit vi at byen berre skal staa stille i eit par timar.

Vi blir paa dette Ibishotellet vaart enno nokre dagar. Det er saa greitt og praktisk. Billig er det ogsaa. Vi vasker töy, vi laaner strykejarn, nye handdukar kvar dag osv. Det ligg ogsaa greitt i höve til byen. Faar sjaa om vi finn noko anna naar Karl og Marlene kjem nedover onsdag. Dei kjem saapass seint til Porto at vi betilte paa det koselege, gamle hotellet med dei snille damene, förste natta. Vi drar truleg tilbake hit etter det. Metroen i Porto gaar heilt hit, og det koster 15 kroner, - for ein time og eitt kvarters reise!

torsdag, september 28, 2006

Braga:
Torsdag tok vi buss til Braga (110.000), ein knapp time herifraa. Vi besökte Portugals eldste katedral fraa 1070, den einaste av byen sine kyrkjer som slapp unna den barokke oppussinga paa 1700-talet. Midtskipet er romansk, deler av katedralen er gotisk, og rett over inngangspartiet er det to barokkorgel med over 2000 piper kvar. I tilknytning til katedralen var det fleire smaa og store kapell med utrulege skattar. Sölv og gullarbeid, fantastiske trearbeid, freskomaaleri, heilage menn og kvinner, skulpturar, mm. Meir finurlege minner var eit jarnkors som blei brukt ved den förste messa i Brasil nokonsinne, i aar 1500. Brokadeskoa til erkebiskopen som bygde "Bom Jesus do Monte" (skal besöke seinare) sto utstilte i ein monter. Dei var laga av eit delikat beige blondestoff, og haelane var 10 cm höge. Foreldra til den förste kongen av Portugal, Afonso Henriqes (f.1010) ligg her. Mora, Theresa, var spansk og faren, Dom Henrique, fransk. Faren döydde daa Afonso var 3 aar, og mora tok styringa. Etter ei konflikt mellom mora og Afonso, daa han var 18 aar, erklaerte han seg som konge av Portugal. Baade han og faren regjerte fraa Guimarâes, för hovedstaden blei flytta til Coimbra i 1143. Dette er ikkje noko folk i Braga liker aa snakke om. Trur det er ein konkurranse mellom desse to byane.
Erkebispesetet blei flytta til Braga i 1070, fulgt av ein 500-aars kamp med Spania om kven som var "Primate of all Spain". Paven avgjorde til slutt at Braga skulle ha erkebispesetet. Hvis eg har oppfatta det rett, saa beheldt Braga dette til 1700-talet.

Dei einaste bileta vi har fraa katedralen i Braga er det framover i midtskipet og det vi tok oppover mot taket og dei to barokke orgela. Elles la vi ut eitt bilete tatt mellom Guimarâes og Braga. De faar vel ikkje inntrykk av kor frodig her er, men saa regner det mykje meir enn vi hadde forventa ogsaa!

Det var i Braga at ökonomiprofessor António de Oliveira Salazar hadde sterkast stötte daa han kom til makta ved kuppet i 1926, först som finansmisnister, og fraa 1932 som statsminister. Ein diktator, ikkje fullt saa ille som Franco, i fylgje folk her. Han sat med makta i 36 aar, fekk slag i 1968 og döydde i 1970. De hugsar vel nellikrevolusjonen i 1974?

mandag, september 25, 2006

Guimarâes
Biletet av Salazar sitt palass bytte plass med bilete av ei borg frå 1100-talet nedanfor.

Her budde Salazar








Middelalderbyen Guimarâes

søndag, september 24, 2006


Guimarâes: Alt er ikkje berre solskin her, bokstavleg tala. I dag silregnar det. Vi bor på eit Ibis-hotell i byen Guimarâes (53000). Universitetsby nordaust for Porto, vel ein time med metro. Faktisk litt befriende med hotell utan sjarm og sjel. Her er nytt, reint, TV og internett, eit stort kjøpesenter rett rundt hjørnet, og ein verdsarvby nokre hundre meter unna. Blir her nokre dagar. Slapper av med bøker og portugisiske aviser på hotellet idag. Biletet er frå restauranten der vi åt middag i går. Bestilte dagens rett for å få det billig, men så sette dei fram eit fat med digre, fristende reker frå Mosambique, som vi sjølvsagt åt opp, freistande som dei var! 17 euro kosta rekene! Nesten 140 kroner! Vi følte oss lurt.

Enda fleire bilete frå Porto. Byen er så samansett og innhaldsrik at den ikkje lar seg beskrive. Absolutt verdt å besøke!




Ei av damene på pensjonatet som lar seg velvillig fotografere på frukostrommet.

Bilete frå turen til Vila do Conde torsdag:

fredag, september 22, 2006




Busstur i Porto

Morris har begynt aa smugle med seg ost inn til frukosten. Dei er litt knipne paa paalegget desse damene paa pensjonatet/hotellet. 1 porsjonspakke med jordbaersyltetöy (heldigvis) paa to rundstykke. Punktum.

Vi kikka litt i butikker i gaar (Zara), köpte oss paraply (!) og tok metroen til byen Vila do Conde (25.800); fiskar- og badeby nord om Porto. Ville sjaa om byen kunne vere ein stad aa slaa seg ned desse vekene för vi reiser sörover igjen. Det var det ikkje. Landskapet utover var kjedeleg, strendene laag langt fraa sentrum og byen er nok best om sommeren. Elles ein fin by med slott, akvedukter og eit stort kloster.

Betalingssystemet paa metroen er litt komplisert til aa begynne med. Du maa först kjöpe deg eit kort som du fyller paa med rett sum penger. Saa faar du billett. Kortet kan brukast om igjen. Alt foregaar i automater paa stasjonane, og du kan heldigvis velge engelsk spraak. Massevis av uniformskledde kontrollörar gjekk av og paa under heile turen.

Den tropiske orkanen som var venta, kom inn litt lenger nord i Portugal. Vi merka berre ein del vind (kuling i kasta?), litt regn og ein times tid med voldsomt torever i gaar kveld. I dag er det sol igjen, litt vind, men passe ver for oss.
I forgaars deltok vi paa sightseeing gjennom byen, pluss innom Vila Nova de Gaia paa den andre sida av elva. Tettpakka med inntrykk der vi sat paa taket i ein open toetasjes buss i nydeleg sol. Haaper aa faa legge ut bilete fraa denne turen seinare.

No sit vi i "Bibloteca Municipal Almeida Garrett" i "Jardim do Palacio de Cristal". Stort moderne bilbliotek.

onsdag, september 20, 2006

Bilete frå verandaen vår:

Porto!
Vi traska nokre hundre meter frå busstasjonen, nedover mot elva , og fann hotell Astoria stengt. Hotelldøra er alltid låst, viste det seg etterkvart. Innanfor regjerer tre eldre kvinner. Ei er myndig sjef. Dei to andre er yndige, smilende damer, som ubedt kjem med ekstra tepper til oss, og som berre snakkar portugisisk.

Rommet har doble dører, høgt under taket, kremgule veggar, massive, gamle tremøbler, lette, lange, kvite gardiner og vask bak kvitt forheng. Ingen bilete på veggen, og sjølvsagt ingen TV. Fins ikkje noko glorete her! Hotellet ligg i utkanten av "Unesco-sona" (Porto står på verdsarvlista, det er sikkert!) og det aller beste; vi har ein veranda med fantastisk utsikt over elva Duoro! Vi ser ned på båttrafikk, på biltrafiken over bruene, ser over til Via Nova de Gaia, og vinhusa og eit gamalt kloster på den andre sida av elva. Og prisen? 240 kr for begge to, med frukost! Reis ingen stad utan Lonely Planet! Takk igjen for boka, Vigdis!

Vi har ikkje fått sett så mykje av byen enno. Var slitne då vi kom i går, og rusla berre ein liten tur i området, men forstår at her er mykje å sjå. La oss i 8-9 tida, og er klar for byen idag. Tenker å starte med ein rundtur med buss. Blir her nokre dagar.

Før vi begynner på Porto, der vi er no, må eg få korrigere ein feil frå Óbidos. Byen er ikkje på verdsarvlista, slik eg skreiv, men den burde vere det, ikkje sant, Ann Elin og Harry? Klarte endeleg å få legge ut bilete frå byen, slik at de får eit inntrykk.

mandag, september 18, 2006






Óbidos:

Óbidos er ein av dei sjeldne middelalderbyane med intakte bymurar, og den har plass på Unesco si verdsarvliste. Dom Denis ga byen til si kjære Dona Isabel i 1228, og han bygde også slottet som framleis står, - no som Pousada, der du kan overnatte for 207 euro pr natt. Bymurane blei sett opp av maurarane.

Byen er så vakker at du kan grine! Det er vanskeleg å formidle inntrykka. Kom nedover og sjå sjølve! Vi tok over 70 bilete av byen, -det seier vel sitt -og vi hadde ein hard kamp med oss sjølve for å halvere mengda. Fantastisk flott dag med 26 grader og ein sval bris.

Korleis vi reiser? Med buss. Dette er det mest komfortable og det billegaste. Jarnbanen er gamal og gaar sjeldan. Folk rynker paa nasen naar vi vil ta toget. Buss fraa Caldas da Rainha til Porto koster 13 Euro (105 kr). Buss fraa Caldas til Óbidos, der vi er no, koster ca 10 kr. Paa bussen faar du betrakte landskapet undervegs, og du faar reise saman med dei bufaste.

Daa vi var i Nazaré, blei vi köyrd rundt i omraadet av ein eigedomsmeklar fraa Noreg, som viste oss det huset vi skal leige seinare. Planen er aa reise til Porto i morgon, tysdag. Der blir vi truleg fram til ca. 15.oktober, og saa er det ned att hit, her vi faar leige huset til ei barndomsvenninne av Morris.

Internett-tilgang? Vi har gaatt nokre mil for aa faa tilgang til nettet, men det har hatt med vankunne aa gjere. Naar ein finn ut av det, er der internettkafeear i dei fleste byar. Traadlaust er ikkje saa godt utbygd, men i Caldas gaar vi til eit aktivitetshus for ungdom, og slepp faktisk inn! Der er gratis tilgang, men vi har betalt 1-2 og opp til 5 Euro pr time andre stadar.

Maten? Enkel, god, rikeleg og rimeleg. I gaar gjekk vi til ein restaurant anbefalt av Lonely Planet (budget), og aat 3 retters middag med drikke for 88 kr pr person! Suppe, steikt fisk og nokre gedigne puddiger til dessert. Og saa först det obligatoriske brödet, smöret, sardinposteien og noko som Morris kallar innbakt fiskegrateng, men det smaker godt!

Torget er berre ein opplevelse! Maa faa gjenta det. Makan til gode varer har vi neppe smakt. Alle slags tenkelege frukt, grönsaker, ost, skinke, pölser, bakverk, det er heilt overveldande! Smaa kaniner, kyllinger, kalkunungar i bur som folk kjöper for aa ale opp til mat. Kvar morgon vaknar vi til lyder fraa torget gjennom det opne vindauget vaart. Lastebilar, kjerrer lasta med ost, grönsaker osv. Fantastisk koseleg!

Trim? Planen var ein times trim pr dag, men no gaar vi minst 3-4 timar om dagen, og blir saa spreke saa!

No veit vi litt om kunstnaren Rafael Bordalo Pinheiro (1846-1905). Först besökte vi keramikkfabrikken han grunnla i 1884 og som framleis er i drift. I gaar fann vi ein heil tekst om han i laereboka i portugisisk fraa Folkeuniversitetet i Aalesund, og i gaar gjekk vi nokre hundre meter fraa hotellet til keramikkmuseet som har mange fantastiske arbeid av han.
Vi var ogsaa innom hospitalkyrkja i Caldas like för messe. Eit kor övde, og kyrkja var mest full allereie ein halv time för messetid. Overdaadig gulldekor med gamle altertavler, og plassert bak det gamle hospitalet.

søndag, september 17, 2006



Torget utan boder.




Eit langt 17.mai-tog med brannvesenet i byen, fulle sirener, og i alle fall 16 brannbiler. Marsjerende brannmenn, frivillige og profesjonelle, røykdykkere, sjødykkere. Hurtiggående båter politibiler og ambulanse og eit svare spetakkel og smilende publikum.

Keramikkmuseet i Caldas da Rainha, skal skrive meir om dette seinare.

lørdag, september 16, 2006







Eit par bilete til frå Nazaré: Fiskaren som egner liner, telta som er sett opp av kommunen, og litt frå gatene og smuga i den hyggelege byen.

fredag, september 15, 2006

Caldas da Rainha (Dronningens kilder)
I denne byen bor vi til mandag 18.sept. (6 dögn) Dronning Leonor oppretta eit hospital her i 1485 paa grunn av den helsebota som visstnok vatnet skulle gi. Hospitalet blei populaert for kongelege og andre notabiliteter heilt fram til 1900-talet. Framleis staar dei store bygningane og framleis tar dei imot pasienter her, men staden ber absolutt preg av avvikling. (Det blei litt tull med bileta, men det skal ligge ute.)

Byen er svaert tiltalande og du föler at det er ekte portugisisk det du ser, og ikkje ei fasade for turistar. Nydelege rekker av vakre, - nokre slitte - hus; smale, krokete gater med minst to konditori (pastalaria) paa kvar side. Fortaua kan smalne inn til mindre enn ein halvmeter, - nifst naar det er lite trafikk og vill fart. Naar trafikken stopper seg til, som den ofte gjer, höyrest lange og intense tutekonserter.

Caldas da Raihna er keramikkby med eige keramikkmuseum, keramikkfabrikk, mange store og smaa verkstadar og utsal rundt omkring. Voner bileta viser litt av dette!

Frukosten vaar blir servert paa ein liten kafé med inngang to meter fraa hotell-inngangen. Hit kjem ein jamn straum med torghandlarar for aa faa seg kaffe, lese litt i avisa og kanskje ta ein matbit som dei inntar ved disken. Mange fasinerande portugisiske typer aa sjaa der.

Nazaré

Sao Marinho do Porto.



Vi

Nazaré



Brua til Lisboa










Caldas da Rainha, 12.-18.09