Solveig og Morris i Portugal

Vi tar fri frå kvardagen og reiser eit år på lykke og fromme i Portugal. Huset vårt heime er leigd ut, bilen er seld, og barna er blitt ungdommer som klarer seg sjølve. Alt ligg tilrette for eit annaleis år i livet. Året vårt!

lørdag, mai 12, 2007

Albufeira var ein positiv overraskelse. Ikkje slike kolossar av hotell som i Portimao og Praia da Rocha. Meir einsarta lave og kvite, med mange grøne lunger mellom. Klart det er ein turistby, men ein hyggeleg ein. Hotellet vårt ligg eit kvarter med bil frå byen, og det går gratis minibuss frå hotellet eit par gongar for dag. Salgados Bay er tydelegvis eit relativt nyleg utbygd ferieområde vest for byen, med mykje plass og store grøne område rundt, og golfbaner. Vi bor i 2.etg. i eit toetg. hus med solterrasse på taket og ein stor veranda utanfor leiligheten, der vi ser over til resepsjonen og bassengområdet (biletet). Den andre vegen er det berre skog å sjå, og masse nydeleg fuglesong å høyre. Soverom, stort bad, stove/kjøkken. Hotellet fann vi på "hotell.no", 2700 for 14 dagar! I dag tok vi minibussen til byen klokka halv ti, "Thomastoget" gjennom byen, og sit no på McDonald's der vi har funne trådlaust. Ikkje så mykje å berette, anna enn at vi har det godt, makeleg, og varmt.