Solveig og Morris i Portugal

Vi tar fri frå kvardagen og reiser eit år på lykke og fromme i Portugal. Huset vårt heime er leigd ut, bilen er seld, og barna er blitt ungdommer som klarer seg sjølve. Alt ligg tilrette for eit annaleis år i livet. Året vårt!

torsdag, august 31, 2006















Farvel Karl og Moa! Vi drar snart med Åndalsnesbussen. Overnatting på Gjøvik, charterfly til Algarvekysten og ei veke med sol, strand og uspesifisert hotell!

Algarve, sondag 3.sept:

Uspesifisert i dette tilfelle, var ei leilighet paa 50 kvadratmeter, med to soverom, stue, kjokken, bad og ikkje mindre enn tre verandaer i tre ulike himmelretninger! Praia de Rocha er ei enorm turistmaskin, men det var vi förebudde paa. 10 min aa gaa til ei fantastisk strand. Förste kvelden grilla sardiner og "lamb stew" mm. i ein restaurant langs promenadegata. I dag er det faktor 20 og ein tur langs stranda.

Mandag 4.september:Praia de Rocha var ein av dei fyrste stadane paa Algarve som blei oppdaga av turistane. För turismen si tid var denne delen av Portugal svaert fattig. Sardiner, tunfisk, oliven og fiken ga ei viss utkome, men omraadet var karrig og tört. Saa seint som i 1950 blei vatn köyrt inn paa eselryggen for aa berge avlingane. Grunnvatnet var paa 1000 feet djupt (kor mykje 1000 feet er, faar de finne ut sjölve!) Först med kapitalen som fylgde turismen, blei det mogleg aa bore saa djupt etter vatn. No er det fruktbart og frodig her. Store golfbaner er gröne heile aaret, palmer a la Kardemommeby fins over alt, og blomar, busker, plener og tre tar like mykje av utsikta fraa vindauga vaare som alle hotellkompleksa gjer.
Masseturismen merker vi lite av no i september. Her er mest portugisarar og engelskmenn. Strendene er ekstremt vakre, og 34 grader er behageleg paa grunn av ein svalande vind. Leiligheten er romsleg, hotellet er komfortabelt med nydeleg hage rundt symjebassenget, og vi har det veldig,veldig bra! Skal pröve aa faa lagt ut nokre bilete i kveld naar vi skal inn til byen Portimao nokre faa kilometer herifraa. Der skal det visst vere ein internettkafe med traadlaust system.