Solveig og Morris i Portugal

Vi tar fri frå kvardagen og reiser eit år på lykke og fromme i Portugal. Huset vårt heime er leigd ut, bilen er seld, og barna er blitt ungdommer som klarer seg sjølve. Alt ligg tilrette for eit annaleis år i livet. Året vårt!

mandag, november 27, 2006



Litt av landskapet aust for Batalha.

søndag, november 26, 2006




Her er tredje generasjons keramiker. Denne verkstaden ligg mellom Alcobaca og Batalha.
Lokale mønster og tradisjonell utforming.

Klosteret Batalha.

Eit bilete av Kristin på torget i Caldas.








Tjue minutt herifrå ligg klosteret Alcobaca. Dette vart påbegynt i 1153 av Dom Alfonso Henriques etter at han hadde tatt byen Santarém frå maurarane. Det tok 40 år å bygge før munkane kunne flytte inn. Klosteret Batalha ligg eit kvarter derifrå igjen. Dette vart grunnlagt av Dom João etter sigeren i slaget ved Aljubarrota i 1385. Dom João påkalla jomfru Maria då Portugals hær på 6500 sto mot den spanske med 30000 soldatar. Uten denne sigeren hadde Portugal blitt spansk.

Området her omkring er kalla Portugals Toscana og er eit rikt og vakkert landskap tettpakka med verdensarvstadar. Både Batalha og Alcobaca står på Unesco si liste. Her er ei mengde keramikkfabrikker, små familieverkstader og -utsalg. Det skal visst også vere stor glass og krystall-produksjon litt lenger nord, rundt Leiria.

onsdag, november 22, 2006




Endeleg kom Kristin! Lenge sidan sist, og veldig kjekt at ho ville besøke tante og onkel her i Reguengo. Hyggeleg at Erlend fekk treffe kusine Kristin også, og vi rusla litt i sentrale Lisboa før Erlend og Stephan drog til SAS-hotellet, der dei skulle overnatte til tirsdag for å ta fly klokka sju om morgonen.
Etter ein rundtur i Caldas da Rainha i formiddag, drog Kristin og Morris til Obidos, medan eg var hos frisøren,- heldigvis med eit litt større ordforråd i portugisisk enn sist. Klokka seks henta vi Haldor og Kåre på busstasjonen, tilbake frå ein firedagers tur til Porto.


Her er fleire bilete frå huset. Vi utnytter sola når ho dukker fram mellom regnbygene. Temperaturen kan kome opp i 21 grader, men om morgonen er det 14-15, og vi frys i ullgenser. Vi fyrer i peisen som etter kvart varmer opp radiatorane, så vi får det godt og varmt inne også. Om her er mykje fluger enno? Ja da, men dei prøver vi å utrydde så godt vi kan. Husflugene tar vi med piska, medan dei små, irriterande lokker vi med ein skvett rødvin i eit glas. Det tar ikkje lange stunda før både tjue og tretti fluger er drukna. Vi prøvde med juice, men det ville dei ikkje ha.

fredag, november 17, 2006

















Her er eit bilete av dei to gamle ved frukostbordet og eitt av dei to unge som slapper av etter lunsjen på Vasco da Gama senteret.



Solveig får opplæring i å vere kul. I bakgrunnen Vasco da Gama-brua og svevebana som går langs elva.

















Bileta er frå jarnbanestasjonen Gare de Oriente ved Vasco da Gama-senteret.
Erlend, Stephan og eg tok buss til Lisboa torsdag morgon. Etter ein svipptur innom det sentrale Lisboa med metro og buss, drog vi til Vasco da Gama-senteret og åt lunsj på «vår»restaurant der. Derifrå tok vi buss over Vasco da Gama-brua (17,2 km) til «Freeport»; eit digert kjøpesenter bygd opp som ein liten by med rundt 200 butikkar som reklamerer med merkevarer til halv pris,. Her var det nesten ikkje folk! Byen var utdøydd, men butikkane var opne. Vi vandra rundt i desse nye, flotte forretningane så og seie åleine, og varene var slett ikkje billige! Vi kjøpte med oss noko småtteri før vi tok bussen tilbake til «Vasco da Gama» senteret.

onsdag, november 15, 2006



I forgårs kom Haldor og Kåre. Dei fekk med seg ein soldag før det skya over og bles opp i natt. Hyggeleg med mange rundt bordet!

søndag, november 12, 2006




Vi tar nokre fleire bilete frå gårsdagens tur!



















I går kom den forrige huseigaren saman med si gamle mor og henta oss med terrengbil og tok oss med på ein fantastisk rundtur i området rundt Lagoa de Óbidos. Vi humpa av garde til stadar vi elles aldri ville ha funne. Dei to kunne ikkje engelsk, han litt fransk, men med ordbok i portugisisk går det meste. Så lenge vi heldt oss til "muito bonito" og "agradável" og litt i den stilen, gjekk det bra, men når Morris ville ha greie på kva dyreartar som levde i skogane omkring, gjekk alt i ball. Der strakk ikkje mine to kurs i portugsisk til! Dei to vennlege portugisarane smilte og nikka og flira, - og det gjorde for så vidt Jan også! Det vart i alle fall ein uvanleg interessant og flott tur! Håper bileta formidler litt av inntrykka! Ser de for eksempel dei tradisjonelle nausta av halm? Kanskje "naust" er feil ord, men hus dei oppbevarte fiskeutstyr og skifta klær i, etter det eg forsto.


I dag henta vi Erlend og Stephan på Aeroporto da Portela, som flyplassen i Lisboa heiter. Det var veldig, veldig kjekt! No har vi ungdommane trygt i hus.
Morris er blitt driven sjåfør på vegen til flyplassen no, etter eit par bommar i bommen på motorvegen. Det er ikkje lett heller å treffe rett fil!
Jan og vi åt lunsj i kjøpesenteret "Vasco da Gama", like ved "Gare do Oriente" og like ved brua "Vasco da Gama". Dette er ein del av eit stort område som blei bygd opp til Expo 98, med kabelbane, akvarium, aktivitetspark og mykje meir. Ei samling av imponerande bygg i moderne arkitektur i eit samanhengande heile. Hit skal vi tilbake!

fredag, november 10, 2006




Vi fekk besøk av Jan i går. Kjempehyggeleg! Morris og han drog til Obidos på sjokoladefestival i ettermiddag! De hugsar Obidos, ikkje sant? Den vakre byen som eg først sa var på Unesco si liste, så at den ikkje var det og no seier Brita Blomquist at den er det likevel. Jan hadde med ein liten blomsterbukett som de ser! Flott! Så legg eg ved eit bilete frå juleutstillinga på flyplassen i Lisboa og av nokre av dei mange figurane laga av sjokolade.

onsdag, november 08, 2006

Her er eit bilete tatt frå baksida av huset. De kan kanskje skimte nokre av landsbyane vi snakka om for lenge sidan? Den næraste heiter Tornada. I dag har det vore 24 grader, og vi har sola oss på verandaen. Gler oss til besøket som kjem no framover. Håper berre veret held!


Vi har fått internett i huset! Endeleg, 19 dagar forsinka, men no er det på plass. Tre menn kom, plugga inn noko i veggen, fekk summetonen og drog igjen like fort. Operasjonen tok omlag fire minutt.Stein Kofoed kom som reddande engel like etterpå og fekk sett opp maskina (eller kva det no heiter). Lykke på jord! No kunne vi snakke med barna (ungdommane) våre på msn frå huset her!
Så gjekk straumen, og så var det ikkje meir batteri på pc'en, og ikkje meir internett. Så det vart kortvarig lykke. Straumen var borte i over eitt døgn. Vi lei inga naud, utanom nettfrustrasjonen (som du Vigdis så treffande kalla den kjensla mange veit kva er). Vi fyrte i peisen, laga mat på gass og lyste opp med starinlys. Det blei så koseleg så!

Her er nokre postar som eg trudde eg hadde lagt ut, men som eg ikkje finn igjen, så eg poster det no:


Søndag 29.10.
Vi er blitt samfunnstøtter her. Søndag morgon ringte det på igjen, og fire menn på 50 - 70 år med traktor, venta utanfor porten. Ein av dei snakka engelsk og spurte om vi ville gi pengar til det lokale brannvesenet. Klart det, kor mykje bruker folk å gi? Forskjellig, men ofte ti euro. Det fekk dei, og vi fekk namnet vårt i ei bok. Pengane blei lagt i ein rutete tøypose med snor. Ei eldre dame fekk haik med traktoren vidare. Eg styrta til fotoapparatet då eg kom opp att, men vart litt for sein.
Onsdag, 01.11.
Vi var ikkje klar over at det var allhelgensdag og “Halloeen” med “trick or treat “ i dag. Borna hadde fri frå skulen, og mange born med poser har ringt på porten vår i. Vi kunne ikkje gi så veldig mykje utover dagen, for eg gjekk så hardt ut i starten. Dei første som ringte på var to yndige jenter som forsøkte å forklare meg på portugisisk kva dei var ute etter. Eg oppfatta det som innsamling til fattige barn, og sidan det var i skuletida dette skjedde, rekna eg med det var ein eller annan aksjon i skulen sin regi. Vi ville markere vårt gavmilde sinnelag og ga rikeleg. Pengegåva ryktest sjølvsagt fort blant borna, og det vart eit voldsomt renn på porten ei stund! Det ga seg litt når eg gjekk over til å gi mandarinar.
Ei hyggeleg dame frå nabolaget kom saman med borna sine og forklarte endeleg for meg på engelsk kvifor vi fekk så mykje besøk i dag. Ho hadde bodd mange år i Canada, og ga meg telefonnummeret sitt i tilfelle det var noko ho kunne hjelpe oss med, eller om vi berre hadde lyst å prate, som ho sa. Kjempehyggeleg!
Morris har gått til Caldas i dag. Ein time og eitt kvarter. Nydeleg ver og 24 grader. Eg går her og venter på internett. Dei sa det skulle ta 8-10 dagar, og no er det blitt 15! Morris var og purra i går, så dei lovte det innan helga.

tirsdag, november 07, 2006



Endeleg fekk eg lagt ut desse! De får zoome litt sjølve!

søndag, november 05, 2006

Slik ser det ut på kyrkjegardane dagen etter allhelgensdag!



Frå Sao do Martinho i dag



I dag hadde vi eit hyggeleg besøk av Fredrik som avtjener verneplikt som skipslege på Christian Radich. Båten ligg i Lisboa nokre dagar. Vi henta han på busstasjonen i Caldas klokka 10, var heimom ein tur for litt mat, før vi tok bilen til Sao Martinho do Porto og Nazaré. Nydeleg ver, men det skya til og blei eit imponerende torever om kvelden.

Om ettermiddagen ringte den forrige eigaren av huset på porten, og inviterte oss på fottur til Foz Arelho på laurdag. Han ville hente oss med bilen kl to. Vi sa at vi fekk besøk av ein venn frå Norge, men det var heilt greitt. Vi har plass ibilen til han også. Så ta med gode sko, Jan!