Onsdag formiddag var det soling på verandaen og nydeleg lunsj i Tornada. Vi har funne "vår" restaurant! Takk for tipset, Stein! Gjestane besto av alle slags typer vanlege folk frå området, kelnarane var uvanleg hjelpsomme og hyggelege, interiøret vanleg og folkeleg, maten uvanleg god og porsjonane enorme! Halv porsjon har fått ny betydning. Det var heilt uråd å få i seg "meia dose". Prisane var heilt borti natta! 80 kroner for tre retter med drikke! Etter lunsj var vi i byen. Stein prøvde å hjelpe oss med billettar til Benefica-Porto-kampen som skal vere på palmesøndag, men vi lykkast ikkje. (Vi jobber videre med saka, Dag Sigurd, Peder, Erlend og Karl!) Vi drakk kaffi både på konditoriet med dei gule stolane og i parken. Vi besøkte fabrikkutsalet med Bordalho Pinheiro-keramikk, og handla litt der også. Solveig rakk å få tatt synsundersøkelse hos ein optiker, så no er livet med billigbriller snart over. Med god assistanse frå Ellen, Aasmund og Morris blei innfatning valgt, - raskt og med stor overbevisning. Om eit par dagar skal dei progressive sitte på nasen. Heimturen gjekk om Foz do Arelho og kysten nordover til Salir. Gjestane våre jubla heile vegen! I går torsdag, var det soling før lunsj og tur til Alcobaca og Batalha for Ellen, Aasmund og Morris sin del. Dei var innom den keramikkfabrikken/verkstaden vi har skrive om før her. Det er som alltid, kjekt å vere saman med Ellen og Aasmund!
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home