Solveig og Morris i Portugal

Vi tar fri frå kvardagen og reiser eit år på lykke og fromme i Portugal. Huset vårt heime er leigd ut, bilen er seld, og barna er blitt ungdommer som klarer seg sjølve. Alt ligg tilrette for eit annaleis år i livet. Året vårt!

torsdag, mai 17, 2007

Sevilla, (750.000) hovedstad i Andalucia og ein nydeleg by. Organisert busstur frå Algarve kl 06.45 og tilbake kl 20.00 onsdag. Vi fekk verken med oss flamenco eller tyrefekting, som har senter her. Heller ikkje rakk vi å sjå palasset Alcazar. Dette har eksistert sidan 913 og vore residens for kongar og kalifar i hundrvis av år. Elva Guadalqivir var seglbar og ga byen Seville tilgang til havet 10 mil lenger sør. I 1503 fekk byen monopol på handelen med Amerika, og blei ein av dei største og rikaste byane i verda. I 1649 tok pest livet av halvparten av befolkninga, og dette, saman med at elva Guandalquivir etterkvart blei tilgrodd og alttfor grunn for store skip, misste byen betydninga si. I 1717 fekk Cadiz overført handelsmonopolet med Amerika, og Seville kom inn i ei bakeje. Bussen vår køyrde ein rundtur først, for oversikta sin del, og vi såg flotte bygningar frå både Expo-29 og Expo-92. Vi rakk å besøke hovedattraksjonen i byen, verdens tredje største katedral og verdens største gotiske katedral, katedralen i Sevilla! Denne blei bygd på ein moské som blei brukt som kyrkje frå 1248. Der er både gotiske, renessanse- og barokke minner, og katedralen er overveldande! Christopher Columbus si grav skal også vere der, men dette er visst diskutabelt. Minareten frå moskéen, la Giralda, 90m høg, står framleis. Vi gjekk opp til toppen i ein jamn straum med turistar. Der var ikkje trapper, men skrånande brosteinsgolv som gjekk i spiral oppover inne i tårnet. (Vanskeleg å forklare!) Det var i alle fall god plass til folk i begge retningar, for gangane skulle vere så breie at vaktene skulle kunne ri heilt opp på hesteryggen. Det var ikkje tungt å kome seg opp, og utsikta frå toppen var fabelaktig! Vi åt tapas i ein restaurant ved elva, med kelnarar som skulle ha reist til Portugal for å lære service! Varmt, fint og mykje is!