Solveig og Morris i Portugal

Vi tar fri frå kvardagen og reiser eit år på lykke og fromme i Portugal. Huset vårt heime er leigd ut, bilen er seld, og barna er blitt ungdommer som klarer seg sjølve. Alt ligg tilrette for eit annaleis år i livet. Året vårt!

lørdag, februar 24, 2007







Torsdag 22.februar
tok vi buss frå Caldas til Lisboa 09.40. Kari og Lars sjekka inn på SAS-hotellet, og så var det drosje til Vasco da Gama senteret og lunsj på vår restaurant. Litt butikkar før vi drog til sentrum og byrundtur med buss. Passe ver og informativ guiding. Vi rusla litt i byen og enda opp med kaffi og kake i kjøpesenter i Baixa. Morris og eg tok buss tilbake til Caldas og Kari og Lars reiste heim neste morgon. Det var veldig triveleg å ha besøk av dei!










Onsdag
heldt vi oss i området rundt Caldas da Rainha. Vi besøkte keramikkmuseet og fabrikkutsalet, parken, hospitalet og hospitalkyrkja. Etterpå gjekk vi litt i Obidoslaguna o gbesøkte byane Obidos og Foz do Arelho. Heime i huset om kvelden serverte Oddbjørg nydeleg baccalao.




Framleis tysdag


Vi stoppa i byen Portalegre (biletet), men den var utdøydd. Truleg feira folk karnaval ein eller annan stad. Tekstilmuseet var stengt, og mat var ikkje å oppdrive. Vi køyrde vidare gjennom eit goldt og aude landskap, og var innom fleire byar i von om å få oss mat. Ingen mat i Abrantes, og i byen Constancia, der elva Zezere renn ut i Tejo fekk vi is og kaffi (biletet). Elles ein fin by, med mange vakre kyrkjer og velstellte hus. Først i Caldas da Rainha fekk vi oss middag.























Ved spanskegrensa ligg byen Marvao (4420) på ein fjelltopp, 862 m over havet, omgitt av eit festningsverk som ingen klarte å innta før i 1833. Det verka umogleg å innta denne byen for oss også, der vi kom køyrande etter vegen og berre så vidt skimta ein mur øvst på ein fjelltopp som røyste seg rett opp frå slettelandet. Vår dyktige sjåfør brakte oss likevel opp til byporten, der vi måtte stoppe for raudt lys. Gatene var så trange at det knapt var plass til ein bil i breidda, og trafikken inn og ut måtte lysregulerast. Ei stund gjekk trafikken inn til parkeringsplassen ved poussadaen inst i byen, og ei stund gjekk trafikken ut av byen. Vi fekk dei to siste ledige romma i poussadaen, og dei var både gamle, sjarmerande og komfortable. Vi nytte vår beste middag i Portugal hittil i restauranten om kvelden, men utsikten fekk vi ikkje nyte, fordi vi sat inne i ei sky. Neste dag letta det, og vi fekk til gjengjeld ei fantastisk oppleving. Vi kunne sjå milevis sørover Alto Alantejo-slettene, og langt innover i Spania. Vi skimta også ein annan og liknande festningsby på ein fjelltopp lenger vest, Castelo de Vide. Etter ein lang frukost ved panoramavindauga, vandra vi rundt i byen og borgområdet. Nokre av oss våga å gå på murane og i tårna. Andre kika inn i den einaste gave- og suvenirbutikk vi fann, og den var faktisk ganske fin. Byen Marvao kan vi anbefale utan forbehold!















Måndag 19. februar.


Morris transporterte oss raskt og greitt til spanskegrensa, sjølv om kartlesaren sov litt akkurat då vi skulle ta av frå motorvegen A1 austover på A23. Denne bommen medførte at vi fekk sett byane Fatima og Tomar også. Fatima er ein av dei mest besøkte pilgrimsbyane i den katolske verda. Jomfru Maria viste seg her for tre gjeterbarn fleire gongar i 1917, første gong 13.mai. Ho sa ho ville møte dei der igjen den 13. i kvar månad i dei fylgjande seks månadane. Ryktet spreidde seg, og den 13. oktober samme år samla det seg 70000 menneske der. Mirakel skjedde og byen blei berømt over natta. I dag blir byen besøkt av fire million pilgrimer i året.


Søndag:

Vi rakk også klosteret i Batalha på søndag, men fekk ikkje sett inni, fordi det stengte klokka 17. Eksteriøret var likevel vakkert nok til å rettferdiggjere omvegen.





I Alcobaca fekk vi med oss restane av ein antikvitetsmarknad, før vi gjekk inn i klosteret (verdsarv) og såg på dei flotte gravene til Dona Ines og Don Pedro. Gravene er minne om ei tragisk kjærleikshistorie. Tronarvingen Don Pedro forelska seg i hustrua si spanske hoffdame. Sjølv etter at hustra hans var død, fekk ikkje Don Pedro lov til å gifte seg med si kjære Ines. Av frykt for at hennar spanske familie skulle få for sterk innflytelse, let kongen Ines myrde i 1355. To år seinare blei don Pedro konge, og hemnen let ikkje vente på seg. Det han gjorde med mordarane, høver ikkje på bloggen her, men han let i alle fall liket av Ines bli kledd opp og krona som dronning. Alle måtte ære henne ved å kysse handa hennar to år etter at Ines var død. Klosteret blei bygd mellom 1178 og 1218, og romma på det meste 999 munkar. På 1600-talet kom klosteret sine innntekter stadig meir frå keramikk og skulptur i stein, tre og leire. Seinare blei klosteret meir berømt på grunn av dekadanse og moralsk forfall, og forfattarar beskreiv "uavbrutt fråtseri", og "dei feite, sleske og vaggende munkane med vellystige blikk" (Lonely Planet) Klosteret blei oppløyst i 1834.




Søndag


Vi leigde oss ein snerten Hundai Getz, og fekk reist litt rundt i distriktet. Det var fastelaven-søndag, og dette prega heile landet. Vi nytte fyrst utsikten frå Sao Martinho do Porto, før vi drog til Nazaré. Fargerike kostymer, tradisjonelle folkedrakter og masete trommer fylte byen, så stilla og salmesongen i den vakre gamle kyrkja var ei lise for både sjel og øyre. Vi tok ei bane a la Fløybanen ned til den delen av byen som ligg ved stranda, og bestilte freistande grillspyd med sjømat i ein restaurant ved promenaden. Dessverre var det seige, kvite, store silikonpakningar. Ikkje godt!


Laurdag den 17. februar kom endeleg Kari og Lars! Morris henta dei på flyplassen i Lisboa, på eit TAP-fly som landa fire timar forsinka. Det viste seg at huseigarane også skulle kome, så han henta dei samstundes.



Her er Lars, Erling, Oddbjørg og Kari komne, og klokka er over midnatt.




Gutta på tur. Bendik badar i februar.

onsdag, februar 07, 2007



Bendik og Morris på busstur i Porto. Kaldt!