Solveig og Morris i Portugal

Vi tar fri frå kvardagen og reiser eit år på lykke og fromme i Portugal. Huset vårt heime er leigd ut, bilen er seld, og barna er blitt ungdommer som klarer seg sjølve. Alt ligg tilrette for eit annaleis år i livet. Året vårt!

onsdag, januar 17, 2007

Godt nyttår! Morris og Bendik er i Porto akkurat no. Dei drog med Ryan Air via London i går, og reiser til Caldas da Rainha i morgon med buss. Bor på det samme hotellet som før; det gammeldagse vesle hotellet i utkanten av Ribeira (UNESCO-sona) vi har skrive om før. Der blei dei hjarteleg mottekne av dei tre snille gamle damene, som øyeblikkeleg hugsa både namn og stemme! Då drosjesjåføren skulle ringe og bestille, var alt opptatt, men straks Morris sjølv tok telefonen, vart det brått god plass! Dei er nok redde for å ta inn ukjende om kvelden. Morris og Bendik har det tydelegvis veldig bra, etter dei begeistra stemmene i telefonen å bedømme. Dei har traska over Eiffel-brua til Vila Nova de Gaia. Dei har rusla i Ribeira-distriktet, har vandra i handlegater, og ringte frå ein fortauskafe ved hovedavenyen, desse to gutta på tur.