Solveig og Morris i Portugal

Vi tar fri frå kvardagen og reiser eit år på lykke og fromme i Portugal. Huset vårt heime er leigd ut, bilen er seld, og barna er blitt ungdommer som klarer seg sjølve. Alt ligg tilrette for eit annaleis år i livet. Året vårt!

lørdag, oktober 28, 2006

fredag, oktober 27, 2006

Bilete kjem seinare. Ikkje alltid så lett å få dei ut!

Såg de på tv for nokre dagar sidan? Gjett om det har regna! Heile «dagsrevyen» på alle kanalar handla om vegar som var skylt bort, ein skulebuss som sto i fast i vegen som var blitt til ei elv, ein diger båt under slep som dreiv i land nær Nazare, hus under vatn og demninger og bruer som heldt på å ryke. Gråtende bønder som fekk avlingane øydelagde, skuler som måtte stenge osv.
Vi hadde vårt lille katastrofeområde i huset også. Oppdaga at ein «utekjeller» var fylt med 48 cm vatn! Vi fann fram vaskebøtter, Morris fyllte og Solveig tømde, og kjelleren var tom i løpet av tre timer. Det var fin trim og effektivt samarbeid.

Sommer, 27.10.

No kan vi fortelje dykk at vi sit i solveggen i 23 grader, med sola så høgt på himmelen som heime på ein sommerdag. Plen og busker strutter grønt av alt vatnet, og nye lilla, gule, rosa og kvite blomar sprett opp overalt. Sommerfuglar svermer, vi får besøk av marihøner og og tusenbein på terassen, og nedanfor oss passerer gardbrukarar som endeleg kan ta fatt på arbeidet sitt med å berge grøde og å plante ut nytt igjen. Gamaldagse traktorer dreg overfyllte vogner med gresskar, druekorger eller grønnsaker. For ei lita stund sidan lunta eit muldyr (esel?) forbi med eit høylass. Framfor gjekk ein gamal mann. I vogna, oppå toppen av høylasset, trona kona, med hatt og kjole og det heile. Eg tok bilete frå huset, og håper de får eit visst inntrykk.
Vi kan sitte i sofaen i stova og ha underhaldning heile dagen. Postmannen kjem på motorsykkel og tømer den raude postkassa over vegen klokka halv elleve om formiddagen, leverer ut post, og raser vidare. Lastebilar, traktorar, drosjer, fine bilar, gamle vrak og mopedar passerer i passe porsjoner, ikkje for mykje bråk og ikkje kjedeleg. Stort sett er det stille og roleg her. Vi fyl med den unge mora som kvar ettermiddag henter barnet sitt hos naboen rett over gata. Dei står og prater litt i døra. Folk ber visst ikkje andre inn i husa sine her, blir det sagt. Innandørs er berre for familien og heilt nære vener. Kanskje blir det slik når fleire generasjonar bor saman? Folk møtest ute, over gjerdet, på restaurantar eller liknande.
Eigedomane er solid innegjerda og har portar som oftast er gjenletne. Litt lenger borte i gata er det likevel ein port som alltid står open. Bakom i eit mørkt portrom sit tre-fire eldre svartkledde koner og hygger seg. Du høyrer dei før du ser dei. Dei vinker og roper muntert «boa tarde» eller «bom dia» når vi passerer, og vi trur vi har helst på ei av dei. Hundeglam høyrest over alt i Portugal, så eg er forsåvidt glad for alle desse gjerda og portane. Konene går traust og roleg forbi her, berande på noko; eit handlenett, ei gardintrapp eller eit barn. Dei beveger seg støtt, gamaldags og verdig.

søndag, oktober 22, 2006

No har vi gjort store sosiale framsteg her! Vi har handhelst på to av dei næraste naboane.Vi handler brød frå brødbilen som køyrer gjennom bygda og tuter kvar dag kl. åtte, og frukt og grønsaker frå bilen som tuter klokka ti på søndagar. Vi seier Bom Dia og obrigada og dez (10) og pao (brød) og cinco (5) av den og cinco av den og peikar. I dag sa eg «tenho em casa» når seljaren ville ha meg til å kjøpe meir enn eg ønska. Vi har gått tur til den vesle lokale kaféen, dør i dør med butikken, -knøttliten den også. Vi bestilte kaffe, og klarte å få vite at det skulle vere ein fado-konsert ved skulen laurdag kveld klokka ni, og at den var open for alle. Vi kom i prat med ein pensjonist som hadde arbeidd mange år i Frankrike, og som bodde i gata vår.
Fredag kveld ringte det endeleg på porttelefonen! Dette som vi hadde gledd og grua oss til! Kva svarer ein i porttelefonen når ein ikkje kan portugisisk? Gløym engelsk, for det er det mest ingen som kan her! Morris tok telefonen. Eg slapp det eg hadde i hendene (laga middag på gasskomfyr), retta på den ustyrlege nye frisyren og glatta på jakka, før eg trippa så portugisisk eg kunne ned til porten. Utanfor sto det to vennlege damer. Det var Jehovas Vitner. Dei hadde berre skrifter på portugisisk og forsto snart at prosjektet var fåfengt. No har vi i alle fall fått prøve korleis porttelefonen verkar.
Laurdag 21. oktober
Fadokveld i bygda. Fire dyktige songarar; to kvinnelege og to mannlege skifta på å synge. To gitaristar. Dyktige dei også. Assosiasjon til fest på Mjølner, der gamle og unge var saman, bortsett frå at her hadde nokre med seg borna sine. Hyggelege ungdommar serverte, men på grunn av språkproblem henta dei ein eldre mann som hadde bodd i Canada, og kunne engelsk. Han trudde at vi ikkje kom til å like verken fado eller klippfisk. Han insisterte også på at Norge måtte vere eit bedre land å bo i enn Portugal, men måtte godta at vi nok har det kaldare. Var dette eit døme på at portugisarane er så smålåtne som vi les om? Vi fekk servert eit stykke grilla klippfisk, brød, oliven og rødvin. Det var alt. Klokka var nærare halv elleve før songarane begynte. Lokala såg også ut til å vere skulen sin gymsal, trass i betonggolv og manglande ribbeveggar som vi er vande til.
Fadosongen var gripande, sjølv om vi nesten ikkje forsto eitt einaste ord. Enda meir gripande var det å betrakte publikum (ca 150) rundt borda. Folk song med i refrenga, reiste seg og klappa, ropte ut songynskje, mange sat og gret openlyst. Fadoen engasjerte tydeleg. Folk let vere å klappe når det var noko dei ikkje likte, og jubla hemningslaust når det traff.
Veret er regn, regn, regn. Idag også vind. Men temperaturane ligg framleis på over 20 gradar.


tirsdag, oktober 17, 2006



Her bor vi godt! De ser at vi har god plass.

No er vi inne i Caldas igjen for å få oss eit kort som visstnok heiter Fiscal-kort. Det må vi ha for å få lagt inn trådlaust i huset. Vi må ha ein bekreftelse på at vi bor der vi bor, og den einaste som kan gjere det, er eigedomsmeklaren Stein Kofoed. Håper vi får tak i han i dag! Vi lærer underveg. Morris køyrer stødig inn til byen, og vi blir stadig bedre kjent med gater og retninger.



Måtte berre få vise dykk eitt bilete til av desse ungdommane vi hadde besøk av! Var ikkje dei fine? Og så skal de få sjå nabolaget i Reguengo!
Var ikkje det også fint? I neste post skal vi forhåpentleg få vist huset også. Takk til Svein og Karl Magnus som hjalp meg når eg sto fast med tilkobinga til internett i går!













mandag, oktober 16, 2006

Vi blei mottekne i vaar nye heim med deilig middag og hyggeleg prat laurdag kveld. Eigarane drog tidleg söndag, lenge för vi var vakne. Vi sto opp, pakka ut og tok huset i besittelse. Mange store, lyse og fine rom aa boltre oss paa, og alt vi maatte trenge for aa leve vaare bekymringslause luksusdagar her i Portugal. Vi ser utover eit landskap med bakker og aaser, mykje grönt no etter at sommeren er over, og böndene planter ut igjen. Ein kan visst hauste tre gonger i aaret her. I hagen "vaar" veks det m.a. fiken og appelsiner. I gaar plukka Morris inn seks av nokre frukter eg ikkje veit namnet paa, men som ser ut som store oransje tomater. Dei var veldig, veldig söte, og veldig, veldig gode! (Dei har dei paa Moa.) Oppaa aaskammen ser vi klynger av kvite, smaa hus med raude tak og smaa landsbyar langt unna. Vi bor 5 min med bil til kysten og nydelege badestrender og byar.
Reguengo do Parada, her vi bor, er mest berre ei gate med skule, kafe, ein liten butikk, og ei kyrkje. Du finn ikkje staden paa noko kart, men det gaar buss to gonger paa kvardagar, drosja kostar 65 kroner fraa Caldas litt lenger sör, og saa har vertskapet vore saa vennlege at dei laaner oss bilen som staar i garasja. Morris seier at han vil köyre. Eg maa samle litt meir mot för eg vaager meg ut i trafikken her. Det einaste vi manglar er internett-tilgang, men det vil vi pröve aa ordne sjölve, om det er mogleg.

Dei som har lyst til aa besöke oss för desember kan vite at SAS-Braathen har billege turar Gardemoen-Lisboa i november. 17-1800 tur/retur, bestilt paa internett i god tid. Send oss ei melding paa telefon eller e-post om de planlegg aa kome!

Mandag:
Veret skifter her saa ein skulle tru ein var paa Sunnmöre! I gaar var det 25 grader og vind. Vi vaska töyet vaart etter reisa og sengetöyet etter eigarane, og fekk oppleve den mest fenomenale klestörke! För neste maskin var ferdig, var töyet paa snora tört. Vi rakk aa törke fire omganger etter kvarandre og kunne sikkert ha klart ei til. Sjölv ikkje den finaste sommardag paa Vigra slaar dette!
I natt snudde det og bles opp meir enn vi likar. Det ula rundt hushjörna og vinden hadde i löpet av natta kasta to utestolar langt avgarde, og slengt dei under rosebuskene inntil hagegjerdet. Vatnet blei borte i löpet av natta , og eit lys i gangen, - eit slikt som slaar seg av naar du gaar ut av rommet - dreiv og slo seg av og paa utan system og styring. Ikkje fann vi den endelege av-bryteren heller i örska.

Den förste natta aleine i det nye huset blei derfor litt saann spökelseaktig, med ulende vind, piskende regn, lys som blinka og vatnet som forsvann. Men sengane er uvanleg gode, saa vi trassa alle spökelsa og sov godt. Blir det kaldt i dag, kan vi berre fyre i peisen.

fredag, oktober 13, 2006

I dag reiste Karl og Marlene. Vinka dei av garde paa den nye, store og moderne flyplassen her i Porto. Vemodig. Morris er i Guimaraes til ny medisinsk kontroll paa sjukehuset der, saa Solveig rusler aaleine rundt i Porto i formiddag. Det er triveleg aa gaa slik uhemma i butikker, sitte paa internett, paa kafe, eller berre rusle og glane. Kjenner meg ganske saa privilegert, ja! Straalande sol og nydeleg flyvêr for dei to paa veg til London med Ryanair og vidare til Torp i kveld. Overnatting hos tante Vigdis og onkel Ragnar i Skien til laurdag.

Bussturen opp fraa Algarve i gaar gjekk veldig greitt. Kom til Porto ca kl 16, rakk aa lure i oss nokre rundstykker paa hotellerommet og kvile ei stund för vi drog paa handletur i gaagata og i kjöpesenter. Trur vi var fornögde med fangsten alle saman. Klaer her kan vere like dyre som heime, men dei kan ogsaa vere mykje billegare. Stilen er nok meir pynta enn vi er vande til, men her er utruleg mange og fine butikker. Sko og vesker overalt! Tydeleg at landet er - eller kanskje rettare: har vore - ein storprodusent av sko. Dei legg ned i massevis her ogsaa, og importerer fraa Austen. Vi avslutta handlerunden med middag. Maten som vi har smakt hittil er veldig "plain". Det er ikkje saerleg fikst, men greitt og godt. Lite grönnsaker, pynt eller sauser , men mykje olivenolje! Porsjonane er store, saa dessert har vi som regel ikkje plass til.
Vi skal ha ei natt til i Porto för vi drar til Caldas og Reguenga do Parada, som landsbyen heiter, for aa flytte inn i huset der. Gler oss!

mandag, oktober 09, 2006


Vi bader, soler oss, går tur, høyrer på medbrakt musikk, les litt, et mykje, og har det veldig, veldig bra. Vi trur ikkje noko på dei skyene dei melde. Dagen i morgon ser ut til å bli like bra som i går og i dag. Fullmåne og internetttilgang frå veranden om kvelden! Bedre kan det ikkje vere!



Idag var vatnet mykje varmare!

søndag, oktober 08, 2006

Er paa Algarve igjen, paa det same hotellet som sist. Vi henta Karl og Marlene paa flyplassen i Porto paa onsdag. Drosja tilbake til byen blei stoppa av politiet, sjaafören tatt med til politistasjonen, og vi venta i drosja i over ein halv time! Sjaafören kom daa tilbake, saa det maa vel ha gaatt bra.

Torsdag rakk vi aa sjaa litt av Porto för vi sette oss i bussen til Caldas de Rainha igjen. Daa bussen hadde köyrt ein halv time, sa bussjaafören eitt eller anna paa portugisisk.Som vanleg i Portugal, var det ein oppmerksom medpassasjer som oversette for oss. Bussen maatte köyre tilbake til Porto for aa hente ein passasjer han hadde sett att! Ein time ekstra reise for ein full buss, for aa hente ein person! Hadde det skjedd i Norge?

Fredag besökte vi dei vi skal leige hus av. Vi gjorde avtalar, fekk praktisk innföring, og ikkje minst fekk hyggeleg prat og nydeleg faarikaal. Kaffe og kaker i hagen til slutt. Vi gler oss til aa flytte inn i dette tiltalande huset!

Laurdag var det aa sette seg i buss igjen, og ta den siste biten til Algarve via Lisboa. Vi installerte oss paa Sol flor da Rocha, som leilighetshotellet heiter her i Praia de Rocha, og rusla oss ein tur paa stranda og i byen för vi sette oss paa ein restaurant med kö framfor,og aat velsmakande italiensk mat.

Idag, söndag, laag vi paa stranda fraa morgonen av, bada i Atlanterhavet,- kjende at vatnet hadde vore ein tur heimom Blimssanden, men vi dukka oss likevel. Forfriskande! Karl og Marlene var uti fleire gongar, töffingane! Sola steika fraa blaa himmel. Dei smale skyene ytst ute var der berre for aa minne oss om at maanaden heiter oktober, og at dette kanskje ikkje varer evig. Faa turistar paa stranda, men mange afrikanske seljarar, meir eller mindre paagaande.
Det er fole kjekt aa ha ungdommane her!

tirsdag, oktober 03, 2006




Eit par bilete til før vi forlet denne byen, Guimarães, der Portugal blei fødd. Vi har bestemt oss i samråd med Karl og Marlene at vi drar til Algarve igjen. Veret her er altfor likt det vi har heime.

mandag, oktober 02, 2006

Middelaldermarknaden i Guimaraes

søndag, oktober 01, 2006


Vi er framleis i Guimarâes. Byen har meir å by på bak middelalderfasadane enn vi trudde først. Morris var på fjelltur her eine dagen i eit flott turområde 640m over havet. Han gjekk to og ein halv time oppover. Medan andre tar taubane opp, tok han den ned att. Solveig besøkte eit interessant museum med imponerande kyrkjekunst i eit gamalt kloster, skattar frå 1200-talet og framover. Det er tydeleg at byen var eit viktig senter i middelalderen.

Laurdag var det middelaldermarked i byen. Det var av begrensa interesse. Artig å sjå korleis lin blei til tråd, tøy og fine klede, ein del fine drakter å sjå, men elles ikkje det heilt store.

Det regner langt meir enn vi hadde forventa her, men folk seier det er uvanleg dårleg ver for tida også no. I kjøpesenteret like ved hotellet (der er busstasjon og kino også) var det stappfullt av folk no kl 16 på søndag, sikkert på grunn av uveret. Alle butikkane var opne, bortsett frå matbutikken. Her er elles mange fine kleforretningar, men vi finn ingenting av interesse førebels.