Solveig og Morris i Portugal

Vi tar fri frå kvardagen og reiser eit år på lykke og fromme i Portugal. Huset vårt heime er leigd ut, bilen er seld, og barna er blitt ungdommer som klarer seg sjølve. Alt ligg tilrette for eit annaleis år i livet. Året vårt!

mandag, mai 21, 2007





































Turmålet vårt i det siste har vore byen Armacao de Pera. Dit går vi enten gjennom naturreservat og bebyggelse (ein og ein halv time) eller langs stranda (ein time). I går hadde vi avskjedsfest med Portugal og spanderte på oss god middag på ein fiskerestaurant ved stranda. Sidan vi var i ei litt vemodig stemning, fall vi også for eit tekstilbilete med portugiskisk motiv på ei husflidsutstilling i byen. No er vi klare for Spania. Buss til Sevilla i morgon, og vidare til Granada der vi tenkjer å ta to overnattingar for å få med oss Alhambra. Torsdag er det buss til Alicante.