Solveig og Morris i Portugal

Vi tar fri frå kvardagen og reiser eit år på lykke og fromme i Portugal. Huset vårt heime er leigd ut, bilen er seld, og barna er blitt ungdommer som klarer seg sjølve. Alt ligg tilrette for eit annaleis år i livet. Året vårt!

søndag, mars 04, 2007


Denne veka har vi hatt mykje sol. Varmt om dagen og kaldt om natta. I natt sat vi i hagestova og betrakta måneformørkelsen. Stjerneklart, og ein måne som gradvis blei raud med berre ei tynn skive av gult i kanten. I dag pøsregnar det igjen, og vinden ristar i hus og hagevekstar. Tid for å oppdatere bloggen! Morris har tent opp i peisen, frukosten er fortært for lenge sidan og Solveig har snakka med Erlend, Karl og bror Svein på msn. Må få skryte litt av den spreke Morris! I løpet av veka har han gått heile fire gongar til Sao Martinho do Porto (8km), dvs: 16x4=6,4 mil! Er ikkje han flink? Den første gongen brukte han ca ein og ein halv time pr veg - med gnagsår. I går under ein time. Nykjøpte, fabelaktige joggesko gjorde susen! Han kom heim i 18-tida. Då hadde han nettopp passert ein flokk kvinner samla til messe og song i den vesle kyrkja her i gata, medan mennene sat på uterestauranten i høglytte diskusjonar. I nabolandsbyen, Chao da Parada, var ein gjeng menn i 50-80-års-alderen samla rundt eit slags kastespel, nesten som hesteskokasting. Vi har det bra, og gler oss til meir besøk!

1 Comments:

At 7:21 p.m., Anonymous Anonym said...

Det var nå bra at ventetiå på bloggen dokkers e øve. Og kjekt å hørra at dokker og har någe skikkeligt med regn, inni mydlå den fele og varme solå.
Her i Oslo er det regn og det va så øveskjya at me ikkje såg någe te den vanlige eller den heildekte.
Dette e bare ett lide livstegn og der komme flerne.
Imponeranest med den gåingå. Du må passa deg så du ikkje blir for sprege. Halvårsforfallet holder på for folt når eg ikkje sykle de 50 milå to gonger i ugå. Men det e ikkje så lenge det at det kjøret begynne igjen. Ja då må dokker ha fortsatt nogen fine måner i Portugal. Klem fra Jan vestlandsfanden

 

Legg inn en kommentar

<< Home