Solveig og Morris i Portugal

Vi tar fri frå kvardagen og reiser eit år på lykke og fromme i Portugal. Huset vårt heime er leigd ut, bilen er seld, og barna er blitt ungdommer som klarer seg sjølve. Alt ligg tilrette for eit annaleis år i livet. Året vårt!

søndag, mars 18, 2007






















Vår kjære søster/svigerinne Mildrid landa i Lisboa onsdag. Ho kom med solskin og varme, og vi har hatt godt over 20 gradar sidan! Til og med nettene er varme no! Torsdag starta med standardrepertoaret vårt; Sao Martinho do Porto, Alcobaca, Batalha, og Fatima. Fredag utnytta vi besøket til å få sjå Coimbra. Vi traska trapper og bakkar opp gjennom gamlebyen til toppen, der det nye og det gamle universitetet tronar. Det berømte barokke biblioteket var overveldande, men på grunn av forbod mot blitz, så blei ikkje bileta derifrå brukande. Byen freistar til fleire besøk! Laurdag tok vi for oss Caldas da Rainha, med torget, keramikkmuseet, fabrikkutsalet og parken. Etter ein sving heimom, og Mildrid si smakfulle blomkålsuppe til lunsj, var det Obidos som fekk besøk av oss. I dag, søndag, har turen gått austover gjennom nydeleg landskap, til ein av Portugal sine største marknadar. Sko, klede, levande dyr, møblar, jarnvare, grønsaker, kjøkkenutstyr, vesker, dyrefor, landbruksutstyr, metervare, osv, osv. Hit skal vi også tilbake! Akkurat no er Mildrid og Morris i Nazare. Veldig kjekt å ha besøk av interesserte og entusiastiske Mildrid!

1 Comments:

At 7:12 p.m., Anonymous Anonym said...

Nå har vi nettopp sett på det siste dere har lagt ut. Som alltid veldig interessant. Og i morgen reiser vi!! Nesten ikke til å tro!!

Vi sees!

Ellen og Aasmund

 

Legg inn en kommentar

<< Home