Solveig og Morris i Portugal

Vi tar fri frå kvardagen og reiser eit år på lykke og fromme i Portugal. Huset vårt heime er leigd ut, bilen er seld, og barna er blitt ungdommer som klarer seg sjølve. Alt ligg tilrette for eit annaleis år i livet. Året vårt!

lørdag, mai 26, 2007

Bor i Torre da la Horradada, ein halv time sor for Torrevieja. 28 grader. Stranda 3 min unna. Blir her ei vekes tid. Har det veldig bra. Internettkafe i byen Pilar de Horadada. Ikkje funne traadlaust enno, saa bileta maa vente. Tok buss fraa Granada til Murcia over Sierra Nevada torsdag. Det snoedde/hagla paa vegen, saa trafikken stoppa opp, og bussen snegla seg fram. I Murcia viste eit termometer 32 grader, saa det skifter! Byen Granada med Alhambra var ein stor opplevelse. Bodde midt i sentrum, og kan igjen anbefale "hotell.no"!

mandag, mai 21, 2007





































Turmålet vårt i det siste har vore byen Armacao de Pera. Dit går vi enten gjennom naturreservat og bebyggelse (ein og ein halv time) eller langs stranda (ein time). I går hadde vi avskjedsfest med Portugal og spanderte på oss god middag på ein fiskerestaurant ved stranda. Sidan vi var i ei litt vemodig stemning, fall vi også for eit tekstilbilete med portugiskisk motiv på ei husflidsutstilling i byen. No er vi klare for Spania. Buss til Sevilla i morgon, og vidare til Granada der vi tenkjer å ta to overnattingar for å få med oss Alhambra. Torsdag er det buss til Alicante.

torsdag, mai 17, 2007

GRATULERER MED DAGEN!
Om vi har flagg på 17.mai? Klart vi har flagg! Leppestift, kulepenn og litt papir skaper 17.mai-stemning i massevis! Som det varmaste landet i Europa i dag, med over 30 grader, blei bunaden litt for varm. Tog var ikkje å oppdrive, men fann bilete av "de små en alen lange" på internett, og "Ja, vi elsker" på hotellet, er bra det også!




Minareten











Sevilla, (750.000) hovedstad i Andalucia og ein nydeleg by. Organisert busstur frå Algarve kl 06.45 og tilbake kl 20.00 onsdag. Vi fekk verken med oss flamenco eller tyrefekting, som har senter her. Heller ikkje rakk vi å sjå palasset Alcazar. Dette har eksistert sidan 913 og vore residens for kongar og kalifar i hundrvis av år. Elva Guadalqivir var seglbar og ga byen Seville tilgang til havet 10 mil lenger sør. I 1503 fekk byen monopol på handelen med Amerika, og blei ein av dei største og rikaste byane i verda. I 1649 tok pest livet av halvparten av befolkninga, og dette, saman med at elva Guandalquivir etterkvart blei tilgrodd og alttfor grunn for store skip, misste byen betydninga si. I 1717 fekk Cadiz overført handelsmonopolet med Amerika, og Seville kom inn i ei bakeje. Bussen vår køyrde ein rundtur først, for oversikta sin del, og vi såg flotte bygningar frå både Expo-29 og Expo-92. Vi rakk å besøke hovedattraksjonen i byen, verdens tredje største katedral og verdens største gotiske katedral, katedralen i Sevilla! Denne blei bygd på ein moské som blei brukt som kyrkje frå 1248. Der er både gotiske, renessanse- og barokke minner, og katedralen er overveldande! Christopher Columbus si grav skal også vere der, men dette er visst diskutabelt. Minareten frå moskéen, la Giralda, 90m høg, står framleis. Vi gjekk opp til toppen i ein jamn straum med turistar. Der var ikkje trapper, men skrånande brosteinsgolv som gjekk i spiral oppover inne i tårnet. (Vanskeleg å forklare!) Det var i alle fall god plass til folk i begge retningar, for gangane skulle vere så breie at vaktene skulle kunne ri heilt opp på hesteryggen. Det var ikkje tungt å kome seg opp, og utsikta frå toppen var fabelaktig! Vi åt tapas i ein restaurant ved elva, med kelnarar som skulle ha reist til Portugal for å lære service! Varmt, fint og mykje is!

Nokre bilete frå turen vår tirsdag i natur- og fuglereservatet vest for hotellområdet og golfbanene der. Dette er også Algarve!














lørdag, mai 12, 2007

Albufeira var ein positiv overraskelse. Ikkje slike kolossar av hotell som i Portimao og Praia da Rocha. Meir einsarta lave og kvite, med mange grøne lunger mellom. Klart det er ein turistby, men ein hyggeleg ein. Hotellet vårt ligg eit kvarter med bil frå byen, og det går gratis minibuss frå hotellet eit par gongar for dag. Salgados Bay er tydelegvis eit relativt nyleg utbygd ferieområde vest for byen, med mykje plass og store grøne område rundt, og golfbaner. Vi bor i 2.etg. i eit toetg. hus med solterrasse på taket og ein stor veranda utanfor leiligheten, der vi ser over til resepsjonen og bassengområdet (biletet). Den andre vegen er det berre skog å sjå, og masse nydeleg fuglesong å høyre. Soverom, stort bad, stove/kjøkken. Hotellet fann vi på "hotell.no", 2700 for 14 dagar! I dag tok vi minibussen til byen klokka halv ti, "Thomastoget" gjennom byen, og sit no på McDonald's der vi har funne trådlaust. Ikkje så mykje å berette, anna enn at vi har det godt, makeleg, og varmt.


tirsdag, mai 08, 2007

Vi har ombestemt oss, og tar fjorten dagar paa Algarve i staden for aa dra rett til Spania. Godt med sol og sjo. Bor i Salgados Bay Hotel i naerleiken av Albufeira. Leilighetshotell med alt du treng. Symjebasseng, fin hage, supermarked og ikkje langt aa gaa til stranda. Kom med buss i ettermiddag. 28 grader. Ikkje traadlaust, men ei maskin i resepsjonen. Vi har forresten ikkje dei portugisiske telfonane vaare lenger. De maa bruke dei norske, -helst med meldinger! 10 kr minuttet paa Solveig sin, og litt billegare med Morris sin!

mandag, mai 07, 2007

Kunne ikkje la vere å legge ut nokre fleire bilete frå Reguengo før vi reiser! Øvst ein rosevegg i ei sidegate. Så naboen vår "over gjerdet" fremst i prosesjonen. Så eit bilete frå Rua Central, tatt frå nord-aust. Så nabokona "over gjerdet" med yngstemann på arma, like før han sovna i går kveld. Så får de eit glimt gjennom kyrkjevindauget av folk som ventar på prosesjonen. Så bilete av bestemor over gata som handlar seg grønsaker frå bilen som kjem kvar søndag, og til slutt eit bilete av ein litt fjernare nabo som sprøyter grønsakåkeren sin. Minner meg om Vigra på 60-talet!





























søndag, mai 06, 2007

Vi har fått deltatt i landsbyens årlege fest for Nossa Senhora da Guia i dag, og det har vore ei stor oppleving! Festen begynte allereie onsdag med non stop musikk frå enorme sivilforsvarshøgtalarar frå taket på forsamlingshuset borti gata her, og rakettoppskyting og saluttar kontinuerleg og like lenge. Det har vore mykje program vi ikkje har fått med oss også. I dag blei vi vekte klokka åtte med ein halv times samanhengande saluttering. Utover dagen har det blitt avfyrt tusenvis av skot, eller rakettar er det vel helst. Nesten som vår 17.mai, "but more religious" som ho sa mi canadiske venninne. Ein fantastisk dag! Korps gjenom bygda med rakettoppskytaren først saman med ei rosakledd ung jente som samla inn pengar til arrangementet. Morris er nede og betaler med glede. Over gata ser de naboen som bruker å hjelpe meg når folk ved porten prøver å forklare meg noko. "Estrangeiros" roper ho, og er så høfleg at ho ikkje tappar med peikefingeren mot tinningen. Forøvrig ei veldig hyggeleg dame. Vi var til messe klokka 14.30. De ser Morris på veg inn i den vesle kyrkja. Inne var det stappfullt av folk, flotte blomsterdekorasjonar, og helgenbilete og Kristusfigurar. Og sjølvsagt Nossa Senhora. Vi blei geleida opp på galleriet av den hyggelege mannen til den hyggelege dama rett over gata. Utanfor venta ei mengd folk på prosesjonen som skulle går frå kyrkja like etterpå. Etter prosesjonen heldt festen fram på lokalet, med danseband og folklore. Massevis av folk der også. Folkedansensemblet var forresten utruleg dyktige! Dei har opptredd mange stadar i verda, og eg skulle ønske vi kunne få dei til Ålesund også! Er det ikkje ein klippfiskeksportør som les denne bloggen? Festen var i alle fall ei flott avslutning på året vårt her i Reguengo da Parada! Kanskje vi kjem tilbake om nokre år i begynnelsen av mai og får oppleve festen til ære for Nossa Senhora igjen? Vi må tilbake hit!