Solveig og Morris i Portugal

Vi tar fri frå kvardagen og reiser eit år på lykke og fromme i Portugal. Huset vårt heime er leigd ut, bilen er seld, og barna er blitt ungdommer som klarer seg sjølve. Alt ligg tilrette for eit annaleis år i livet. Året vårt!

mandag, april 30, 2007

Året vårt i Portugal går mot slutten, og dei siste gjestane våre i dette landet reiste i dag tidleg. Vemodig, men vi trøystar oss med at vi framleis har to blanke månadar framfor oss, der vi kan gjere akkurat det vi vil. Planane er at vi bruker ein månad i Spania, og resten i Frankrike og/eller Italia. Reisemåten er buss, tog, Ryan Air, eller noko anna som er billeg. Alt er opent! Misunneleg?
I går køyrde vi gjennom Portugals Toscana til den store søndagsmarknaden, så til Alcobaca og Batalha. Heime igjen pakka vi ned resten av det vi har samla oss her, og som ikkje får plass i ryggsekkane våre. Takk til Marte og Svein - først og fremst for hyggeleg besøk - men også for at de ville ta med den tunge bagasjen vår til Norge! Resten av friåret vårt skal vi klare oss utan trillebaggane. No står det att å vaske og rydde opp etter oss her, ta farvel med naboane, og førebu reisa vidare ved å lese Lonely Planet om Spania.

fredag, april 27, 2007

Marte og Svein i Obidos

Marte gjer eit tappert forsøk på å spise opp middagen, men det er uråd. Vi er overmette alle fire, og de ser kor mykje vi løyvde på Paraiso, som restauranten "vår" heiter.
PS: GRATULERER MED 60-ÅRS-DAGEN, PER!!





Torsdag 26.april landa vår kjære bror og svoger Svein og vår kjære svigerinne Marte i Lisboa. Vi skulle hente dei, men oppdaga at bilen ikkje starta. Vi heiv oss rundt og bestillte drosje, rakk bussen frå Caldas kl 11.50, og var på flyplassen fem minutt etter at gjestane våre var komne ut i ventehallen. Vi åt lunsj i restauranten vår i Vasco da Gama-senteret og etter nokre ekstrarundar i metroen, fann vi den gamle bytrikken i Baixa. Ein nydeleg tur på ein time og tjue minutt med engelsk guiding i øyrene, opp og ned bakkar og smaug, og som kosta 17 euro pr pers. Vel anvendt.
I dag har vi køyrt til Sao Martinho do Porto, Nazaré, og Foz do Arelho. Bilen er reparert, og igjen viste portugisarane seg som svært hjelpsame, men denne gongen måtte vi dog betale!

Nazaré. Før drog dei båtane opp på stranda med oksar, så med traktor. No ligg dei fleste båtane i den nye hamna litt lenger sør.











Lisboa















25.april feirer portugisarane revolusjonen frå 1974; dagen då demokrati blei innført. Ein revolusjon på den portugisiske måten, fullstendig utan blod. Ikkje eitt einaste menneskeliv gjekk tapt i "Nellikrevolusjonen" der folket og militæret gjekk saman om å gjere slutt på facismen. Dette er noko portugisarane er stolte av. Sjølv om diktatoren Salazar var død nokre år før, levde det facistiske regimet vidare til denne dagen. Etter å ha bodd i Portugal litt, synest ikkje vi at det er noko rart at ein revolusjon og eit regimeskifte her skjedde med utdeling av raude nellikar! Portugisarane var i 1974 leie av dei utarmande kolonikrigane som Salazar hadde ført så innbitt, og som etterfylgjarane hans heldt fram med. Etter nellikrevolusjonen gav Portugal endeleg slepp på koloniane sine. I 1975 fekk både Angola og Mosambique sjølvstende. Vi deltok ikkje i feiringa av dagen, men såg då litt på tv. I nasjonalforsamlinga var det pynta med nellikar, og alle dei mannlege representantane hadde nellik i knappholet. (Kvinnene? Er ikkje sikker!)

søndag, april 22, 2007



Søndagsfreden i gata blei broten av nokre forferdelege grisehyl i dag. Vræla blei sterkare og sterkare, og vi kika nysgjerrige ut vindauget. Ein mann og ei kone kom leiande med ein gris som hadde ei bøtte over hovudet. Grisen måtte gå bakover, og protesterte vilt. Den blei ført inn gjennom den opne porten de ser til venstre. Folk driv omfattande jordbruk bakom fasadane i hovudgata her, i alle fall etter lydane å bedømme. De får zoome!

lørdag, april 21, 2007
















Kva er avstanden frå Caldas til Porto, til London, til Torp, til Oslo, og ikkje minst tilbake igjen? Vi gjorde unna distansen på fire dagar, vi, og enda er vi blitt ganske gamle også! (Takk for hyggelege helsingar til bursdagane våre!) Vi rakk å treffe Bendik, vi var to gonger på Rikshospitalet, vi ordna bilforsikring, vi besøkte LMS i Oslo, og ikkje minst, vi overnatta i det koselege huset til Jan (i dundyner!) Han serverte oss nydeleg wok om kvelden, og vi fekk parkert litt bagasje (bøker og keramikk som er lite hendig for backpackere!) Resten av overvekta måtte settast i oppbevaringa på Stanstead. Vi klarte ikkje å lure det med oss lenger. Grensa på 15 kg bagasje pluss ti kilo handbagasje blei ettertrykkeleg sprengt.

Reisa nordover begynte med buss til Porto, og vi passerte ikkje mindre enn fire bilulykker! Den første drosjesjåføren i Portugal som nokon gong har forsøkt lure oss, traff vi i Porto. Han brukte ein time på å finne "Hotel Ibis Norte" som ligg knapt tjue minutt frå sentrum. I tillegg ville han ha oss til å betale alt saman, etter å ha forsøkt sette oss av ved eit hotell i den heilt andre enden av byen. Ikkje før vi ba om namnet hans, halverte han rekninga. Ibishotellet var trist, og vi angra for vi hadde svikta damene på Astoria. Til gjengjeld tok vi inn hos dei på tilbaketuren, etter ein hyggeleg busstur som kosta oss ein tiar kvar. Vi sparte 50 euro på å vere trufaste mot damene, og fekk nydeleg frukost attpå. Dei nekta å ta imot tips.

søndag, april 15, 2007

I dag køyrde Morris Synnøve og Bjørn til flyplassen. Trist at veka gjekk så fort, men vi begynner å bli vande til avskjedar no! Vi kjenner oss så tilfredse når vi har fått vist fram Sao Martinho do Porto, Nazaré, Alcobaca, Batalha, Fatima, Leiria, Obidos, Peniche, Foz do Arelho og keramikkmuséet og fabrikkutsalet i Caldas da Rainha, for her er så mykje fint å sjå! Synnøve fekk to økter på verandaen og syntest det var ok. Vi sjølve har framleis inga tidsnaud når det gjeld soling! Fredags kveld besøkte vi restauranten vår i Tornada igjen, og åt blanda grill. Like mykje lokale folk som sist, like hyggelege kelnarar, maten var like god og porsjonane umoglege å få i seg.
I morgon reiser vi til Porto med buss og overnatter på Ibis Norte. Dette hotellet ligg så nær flyplassen at det får våge seg at vi sviktar damene på Astoria. Vi lander på Torp seint tirsdag kveld, overnatter hos Jan og reiser ned att torsdag. Morris skal på Rikshospitalet onsdag. Kanskje vi tar nokre dagar i nord-Portugal igjen når vi først er der. Elles er her blitt fint ver og varmt, endeleg! Men det er det visst heime også, og det unner vi dykk!!!

torsdag, april 12, 2007







lørdag, april 07, 2007







Peniche og Cabo Carvoeiro ("Vestkapp")






I Obidos Langfredag kveld








Ei oppsummering av påskeveka så langt: Laurdag kveld henta Morris Anka, Dag Sigurd og Peder på flyplassen. Søndag morgon fekk gjestane sove, medan vertskapet sette seg i bilen for Lisboa igjen. Erlend og Karl landa 11.05, svært trøytte, men opplagte nok til å hugse at det var 1.april. Solveig var storleg rysta over korleis priskonkurranse øydelegg tryggleiken i lufta når ein brann på ei vinge berre blei sløkt og flyet lettar like etterpå. Mandag blei det eit forrykande ruskever. Haglskur om natta, regn, vind, kulde og stadige straumbrot av tore og lyn om kvelden. Om natta var det superundertøy og lue, og om dagen ull og fleece. Morris transporterte Anka, Solveig, Peder og Karl til Caldas for å leite etter sko og glutenfritt, og sjølvsagt ein tur innom eit pastelaria. Kakao som halvstivna sjokoladepudding var godt det! Om kvelden feira vi bursdag på restaurant. Tirsdag gjekk Anka og Solveig saman med ungdommane tur i retning Salir, og blei innhenta av Morris og Dag som hadde vore i byen og leigd bil. Kaffe og is på strandpromenaden og kappspringing på stranda. Så ein rask tur til Nazare der vi nytte utsikta, nøtter, fiken og synet av damene i folkedrakter. Heime var det fotballkamp på tv og John Arne Riise som scora for Liverpool, og til slutt "amerikaner". Onsdag: Første solgløtt på verandaen, tur til Obidos og "amerikanar". Torsdag var det strålande sol. Familien Fylling Mæle drog til Alcobaca og Batalha, medan Morris, Erlend og Karl, til byen på handel. Om kvelden "amerikanar". Fredag skein framleis sola, så det blei verandaen, fotball og fottur på føremiddag, biltur til Peniche og Cabo Carvoeiro om ettermiddagen. Eit fantastisk utsyn! Middag i Peniche og Langfredagsprosesjon i vakre Obidos om kvelden. Laurdag tok Anka, Dag og Peder buss til Lisboa, Karl og Erlend sparka fotball ved huset og sola seg på verandaen først å dagen. Klokka fire blei dei med far på fotballkamp i Caldas da Rainha.

torsdag, april 05, 2007