Solveig og Morris i Portugal

Vi tar fri frå kvardagen og reiser eit år på lykke og fromme i Portugal. Huset vårt heime er leigd ut, bilen er seld, og barna er blitt ungdommer som klarer seg sjølve. Alt ligg tilrette for eit annaleis år i livet. Året vårt!

onsdag, november 08, 2006


Vi har fått internett i huset! Endeleg, 19 dagar forsinka, men no er det på plass. Tre menn kom, plugga inn noko i veggen, fekk summetonen og drog igjen like fort. Operasjonen tok omlag fire minutt.Stein Kofoed kom som reddande engel like etterpå og fekk sett opp maskina (eller kva det no heiter). Lykke på jord! No kunne vi snakke med barna (ungdommane) våre på msn frå huset her!
Så gjekk straumen, og så var det ikkje meir batteri på pc'en, og ikkje meir internett. Så det vart kortvarig lykke. Straumen var borte i over eitt døgn. Vi lei inga naud, utanom nettfrustrasjonen (som du Vigdis så treffande kalla den kjensla mange veit kva er). Vi fyrte i peisen, laga mat på gass og lyste opp med starinlys. Det blei så koseleg så!

1 Comments:

At 10:32 a.m., Anonymous Anonym said...

Hei! Berre kjøp et lite bord til å sette pcen på. Gjerne i manilla eller korgstil eller noko anna som passar til huset. Vi må ha fleire bord til våren likevel.Og et par lette stolar som vi seinare kan ha på soveromma evt.Der er møbelforretning i Zona industrial-området.

 

Legg inn en kommentar

<< Home