I dag hadde vi eit hyggeleg besøk av Fredrik som avtjener verneplikt som skipslege på Christian Radich. Båten ligg i Lisboa nokre dagar. Vi henta han på busstasjonen i Caldas klokka 10, var heimom ein tur for litt mat, før vi tok bilen til Sao Martinho do Porto og Nazaré. Nydeleg ver, men det skya til og blei eit imponerende torever om kvelden.
Om ettermiddagen ringte den forrige eigaren av huset på porten, og inviterte oss på fottur til Foz Arelho på laurdag. Han ville hente oss med bilen kl to. Vi sa at vi fekk besøk av ein venn frå Norge, men det var heilt greitt. Vi har plass ibilen til han også. Så ta med gode sko, Jan!
1 Comments:
Så kjekt at Nuno vil ta dykk med på tur til kysten. Håper de får helse på gamlemora (svigermor hans).Ho bodde i huset da vi kom.Var ivrig på å lære oss portugisisk i sommer.Ei svært triveleg dame som trur at de forstår alt ho seier.de får berre svare "pois, pois" så er ho fornøgd!I helge var eg på Vigra, solveig! tok fly saman med Gro og Simone for å besøke oldeforeldre i Sykkylven.Traff "Dalla" som fortalte at han hadde fått kort frå morris.Lykke til vidare!
Legg inn en kommentar
<< Home