Solveig og Morris i Portugal

Vi tar fri frå kvardagen og reiser eit år på lykke og fromme i Portugal. Huset vårt heime er leigd ut, bilen er seld, og barna er blitt ungdommer som klarer seg sjølve. Alt ligg tilrette for eit annaleis år i livet. Året vårt!

fredag, oktober 27, 2006

Såg de på tv for nokre dagar sidan? Gjett om det har regna! Heile «dagsrevyen» på alle kanalar handla om vegar som var skylt bort, ein skulebuss som sto i fast i vegen som var blitt til ei elv, ein diger båt under slep som dreiv i land nær Nazare, hus under vatn og demninger og bruer som heldt på å ryke. Gråtende bønder som fekk avlingane øydelagde, skuler som måtte stenge osv.
Vi hadde vårt lille katastrofeområde i huset også. Oppdaga at ein «utekjeller» var fylt med 48 cm vatn! Vi fann fram vaskebøtter, Morris fyllte og Solveig tømde, og kjelleren var tom i løpet av tre timer. Det var fin trim og effektivt samarbeid.

Sommer, 27.10.

No kan vi fortelje dykk at vi sit i solveggen i 23 grader, med sola så høgt på himmelen som heime på ein sommerdag. Plen og busker strutter grønt av alt vatnet, og nye lilla, gule, rosa og kvite blomar sprett opp overalt. Sommerfuglar svermer, vi får besøk av marihøner og og tusenbein på terassen, og nedanfor oss passerer gardbrukarar som endeleg kan ta fatt på arbeidet sitt med å berge grøde og å plante ut nytt igjen. Gamaldagse traktorer dreg overfyllte vogner med gresskar, druekorger eller grønnsaker. For ei lita stund sidan lunta eit muldyr (esel?) forbi med eit høylass. Framfor gjekk ein gamal mann. I vogna, oppå toppen av høylasset, trona kona, med hatt og kjole og det heile. Eg tok bilete frå huset, og håper de får eit visst inntrykk.
Vi kan sitte i sofaen i stova og ha underhaldning heile dagen. Postmannen kjem på motorsykkel og tømer den raude postkassa over vegen klokka halv elleve om formiddagen, leverer ut post, og raser vidare. Lastebilar, traktorar, drosjer, fine bilar, gamle vrak og mopedar passerer i passe porsjoner, ikkje for mykje bråk og ikkje kjedeleg. Stort sett er det stille og roleg her. Vi fyl med den unge mora som kvar ettermiddag henter barnet sitt hos naboen rett over gata. Dei står og prater litt i døra. Folk ber visst ikkje andre inn i husa sine her, blir det sagt. Innandørs er berre for familien og heilt nære vener. Kanskje blir det slik når fleire generasjonar bor saman? Folk møtest ute, over gjerdet, på restaurantar eller liknande.
Eigedomane er solid innegjerda og har portar som oftast er gjenletne. Litt lenger borte i gata er det likevel ein port som alltid står open. Bakom i eit mørkt portrom sit tre-fire eldre svartkledde koner og hygger seg. Du høyrer dei før du ser dei. Dei vinker og roper muntert «boa tarde» eller «bom dia» når vi passerer, og vi trur vi har helst på ei av dei. Hundeglam høyrest over alt i Portugal, så eg er forsåvidt glad for alle desse gjerda og portane. Konene går traust og roleg forbi her, berande på noko; eit handlenett, ei gardintrapp eller eit barn. Dei beveger seg støtt, gamaldags og verdig.

2 Comments:

At 9:33 p.m., Blogger Karl Morris Blindheim Bendixen said...

hei! no har e oppdatert bloggen min;)

 
At 2:52 p.m., Anonymous Anonym said...

Hei!Det passa betre for Bendik og Kari Anne å kome på besøk i november enn denne helga, så vi tok ein snartur på hytta i går for å få med oss haustfargane og ta farvel med hausten.Det var i siste liten, for straks vi hadde hatt vår vanlege utefrokost med verdas beste bålkaffi, kom dei første snøfillene.Vakkert mot alt det gule,og Ragnar fekk prøvekøyrt sitt nye speilrefleks digitalkamera. Kanskje blir det
årets julekort?
Som sunnmøring saknar eg av og til ver som det er litt sus over her i Skien.Både vinden og regnet oppfører seg så sivilisert(folket også for den del).De slepp visst det problemet.Kos dykk vidare i solveggen.

 

Legg inn en kommentar

<< Home