No har vi gjort store sosiale framsteg her! Vi har handhelst på to av dei næraste naboane.Vi handler brød frå brødbilen som køyrer gjennom bygda og tuter kvar dag kl. åtte, og frukt og grønsaker frå bilen som tuter klokka ti på søndagar. Vi seier Bom Dia og obrigada og dez (10) og pao (brød) og cinco (5) av den og cinco av den og peikar. I dag sa eg «tenho em casa» når seljaren ville ha meg til å kjøpe meir enn eg ønska. Vi har gått tur til den vesle lokale kaféen, dør i dør med butikken, -knøttliten den også. Vi bestilte kaffe, og klarte å få vite at det skulle vere ein fado-konsert ved skulen laurdag kveld klokka ni, og at den var open for alle. Vi kom i prat med ein pensjonist som hadde arbeidd mange år i Frankrike, og som bodde i gata vår.
Fredag kveld ringte det endeleg på porttelefonen! Dette som vi hadde gledd og grua oss til! Kva svarer ein i porttelefonen når ein ikkje kan portugisisk? Gløym engelsk, for det er det mest ingen som kan her! Morris tok telefonen. Eg slapp det eg hadde i hendene (laga middag på gasskomfyr), retta på den ustyrlege nye frisyren og glatta på jakka, før eg trippa så portugisisk eg kunne ned til porten. Utanfor sto det to vennlege damer. Det var Jehovas Vitner. Dei hadde berre skrifter på portugisisk og forsto snart at prosjektet var fåfengt. No har vi i alle fall fått prøve korleis porttelefonen verkar.
Laurdag 21. oktober
Fadokveld i bygda. Fire dyktige songarar; to kvinnelege og to mannlege skifta på å synge. To gitaristar. Dyktige dei også. Assosiasjon til fest på Mjølner, der gamle og unge var saman, bortsett frå at her hadde nokre med seg borna sine. Hyggelege ungdommar serverte, men på grunn av språkproblem henta dei ein eldre mann som hadde bodd i Canada, og kunne engelsk. Han trudde at vi ikkje kom til å like verken fado eller klippfisk. Han insisterte også på at Norge måtte vere eit bedre land å bo i enn Portugal, men måtte godta at vi nok har det kaldare. Var dette eit døme på at portugisarane er så smålåtne som vi les om? Vi fekk servert eit stykke grilla klippfisk, brød, oliven og rødvin. Det var alt. Klokka var nærare halv elleve før songarane begynte. Lokala såg også ut til å vere skulen sin gymsal, trass i betonggolv og manglande ribbeveggar som vi er vande til.
Fadosongen var gripande, sjølv om vi nesten ikkje forsto eitt einaste ord. Enda meir gripande var det å betrakte publikum (ca 150) rundt borda. Folk song med i refrenga, reiste seg og klappa, ropte ut songynskje, mange sat og gret openlyst. Fadoen engasjerte tydeleg. Folk let vere å klappe når det var noko dei ikkje likte, og jubla hemningslaust når det traff.
Veret er regn, regn, regn. Idag også vind. Men temperaturane ligg framleis på over 20 gradar.
3 Comments:
Hei! Et av dagens høydepunkter er å klikke seg inn på bloggene fra Brasil og Portugal! Veeeldig kjekt når det er nye meldinger der. Dere er flinkere enn Halvor i så måte... På en søndag formiddag i Norge er Svein i NRK studio sammen med Lars Martin i forbindelse med årets TV aksjon for Leger uten grenser, Karl Magnus har akkurat ringt og blitt guidet i omelettkunsten (han ("Reidun") har nå blitt en del av et nytt medie- og reklamebyrå i Oslo, mor er glad for det), og Halvor bruker fortsatt dagene på surfing og capoera i Cabo Frio. Vi snakker stadig om en oval weekend hos dere i Portugal, vet ikke når, men vi kommer! I mellomtiden følger vi med på blog og kart. Og Solveig - du ser kjempefin ut på håret!!
Hei!Eg blir heilt misunneleg når eg høyrer om Fadokonserten.Det var eitt av høgdepunkta då Ragnar og eg var i Lisboa.Kjennest det meir eller mindre deprimerande med regn i Portugal enn i Norge?Her har det regna jamt i det siste også, viss det kan vere noka trøyst.Fornøyeleg å lese bloggen.Ser dykk så levande for meg i kvardagen,og synes de ser så godt ut, begge to.
Helsing Vigdis
Hei på Ruå!De veit kanskje ikkje at "Ruå" er bruksnamnet til Rua sentral 21, oss eigarane imellom.Lengselen ned til huset stig kvar gong vi les bloggen!Så moro at de inntar lokalmiljøet. De inponerer med den fadokonserten!Vi har ikkje fått med oss slike ting enno.Men disse som har jobba i Canada har vi snakka ein del med.Sikkert kjekt for naboane og at huset ikkje står tomt i vinter.
Legg inn en kommentar
<< Home