I dag reiste Karl og Marlene. Vinka dei av garde paa den nye, store og moderne flyplassen her i Porto. Vemodig. Morris er i Guimaraes til ny medisinsk kontroll paa sjukehuset der, saa Solveig rusler aaleine rundt i Porto i formiddag. Det er triveleg aa gaa slik uhemma i butikker, sitte paa internett, paa kafe, eller berre rusle og glane. Kjenner meg ganske saa privilegert, ja! Straalande sol og nydeleg flyvêr for dei to paa veg til London med Ryanair og vidare til Torp i kveld. Overnatting hos tante Vigdis og onkel Ragnar i Skien til laurdag.
Bussturen opp fraa Algarve i gaar gjekk veldig greitt. Kom til Porto ca kl 16, rakk aa lure i oss nokre rundstykker paa hotellerommet og kvile ei stund för vi drog paa handletur i gaagata og i kjöpesenter. Trur vi var fornögde med fangsten alle saman. Klaer her kan vere like dyre som heime, men dei kan ogsaa vere mykje billegare. Stilen er nok meir pynta enn vi er vande til, men her er utruleg mange og fine butikker. Sko og vesker overalt! Tydeleg at landet er - eller kanskje rettare: har vore - ein storprodusent av sko. Dei legg ned i massevis her ogsaa, og importerer fraa Austen. Vi avslutta handlerunden med middag. Maten som vi har smakt hittil er veldig "plain". Det er ikkje saerleg fikst, men greitt og godt. Lite grönnsaker, pynt eller sauser , men mykje olivenolje! Porsjonane er store, saa dessert har vi som regel ikkje plass til.
Vi skal ha ei natt til i Porto för vi drar til Caldas og Reguenga do Parada, som landsbyen heiter, for aa flytte inn i huset der. Gler oss!
3 Comments:
Vi gler oss til å få ungdommar i huset i kveld og frette nytt frå Portugal.Ikkje for det,vi kjenner oss ganske oppdaterte av dei spennande elektroniske breva.Det var det første eg måtte lese da eg kom att frå Kroatia i går kveld.Ein utruleg vakker kyst,og Dubrovnik ein av dei flottaste byane eg har sett.Den rette tida å reise på.Passe sommarvarmt og badetemperatur,men ikkje for mange turistar.Dei vi traff,snakka veldig ofte norsk.Hadde lang og hyggeleg prat med "Sønde-Ogga"på flyet.Vi var 5 Steinkjevenninner som møttest i feriehuset til den eine midt mellom Dubrovnik og Split.
Ho kjøpte det den perioden ho jobba for FN i Bosnia,og no var det 60årsdagen hennar vi kom for å feire.Eg tjuvstarta på min også, sidan vi var samla,og det skjedde i gamlebyen i Dubrovik.Dei andre spanderte opplegg på Spahotell på oss to gamlingane.Hot stone massasje!Kan ikkje sterkt nok anbefalast.
Håper Bendik kjem ein tur om 14 dagar.Skal ringe han i kveld og gjere endeleg avtale.Kos dykk vidare de to.
Helsing Vigdis
Halloen.
Så godt å høre at dere koser dere. Og jeg koser meg med å følge dere på turen.
Ha en fortsatt flott tur.
Ann Betty
Nå har vi sett koselige bilder fra Portugal som Karl og Marlene nettopp har vist oss. Ser at dere har det flott. Vi blir nesten misunnelig! Marlene og Karl har kommentert bildene etter hvert. Vi takker dere for at Marlene har hatt en så fin ferie i lag med dere der. Tusen takk for skoene som Edith fikk. De passet fint. Vi ønsker dere en fin tid videre i det nye huset.
Legg inn en kommentar
<< Home