Solveig og Morris i Portugal

Vi tar fri frå kvardagen og reiser eit år på lykke og fromme i Portugal. Huset vårt heime er leigd ut, bilen er seld, og barna er blitt ungdommer som klarer seg sjølve. Alt ligg tilrette for eit annaleis år i livet. Året vårt!

lørdag, april 07, 2007







Peniche og Cabo Carvoeiro ("Vestkapp")






I Obidos Langfredag kveld








1 Comments:

At 1:08 a.m., Anonymous Anonym said...

Atter stor takk for ei strålande veke! Turen til Oslo via Munchen gjekk svært så greitt (Lufthansa - there is no better way to fly...) og med godver heile vegen. På Gardermoen derimot snødde det på tvers, og kveldsflyet til Ålesund vart som vanleg nattfly med avgang først kl 0140. (Kunne nokon sørge for eit konkurrerande flyselskap snart igjen til denne påstått gudelege utposten? Kan de høyre meg Lufthansa!?) Vi vart heldigvis henta på Vigra av Dagrun K. og kjærasten Anders, men var altså ikkje heime før nærare halv tre. Minusgrader og snø på markane i gårnatt har snudd til regn og hufsetufs frå sørvest no i kveld.
Betre vart det ikkje av at Aafk vart nedsabla med 2-4 mot Start, og at Bahoken vart utvist etter 70 min. med to gule i bagasjen. Like greitt då at ungfolket frå
Trondheim fekk dra og sjå kampen "live".
Elles får de ha lykke til vidare med portugalskapen - og velkomne heim når så langt lir.
Hjarteleg helsing frå DS.

 

Legg inn en kommentar

<< Home