Ei oppsummering av påskeveka så langt:
Laurdag kveld henta Morris Anka, Dag Sigurd og Peder på flyplassen.
Søndag morgon fekk gjestane sove, medan vertskapet sette seg i bilen for Lisboa igjen. Erlend og Karl landa 11.05, svært trøytte, men opplagte nok til å hugse at det var 1.april. Solveig var storleg rysta over korleis priskonkurranse øydelegg tryggleiken i lufta når ein brann på ei vinge berre blei sløkt og flyet lettar like etterpå.
Mandag blei det eit forrykande ruskever. Haglskur om natta, regn, vind, kulde og stadige straumbrot av tore og lyn om kvelden. Om natta var det superundertøy og lue, og om dagen ull og fleece. Morris transporterte Anka, Solveig, Peder og Karl til Caldas for å leite etter sko og glutenfritt, og sjølvsagt ein tur innom eit pastelaria. Kakao som halvstivna sjokoladepudding var godt det! Om kvelden feira vi bursdag på restaurant.
Tirsdag gjekk Anka og Solveig saman med ungdommane tur i retning Salir, og blei innhenta av Morris og Dag som hadde vore i byen og leigd bil. Kaffe og is på strandpromenaden og kappspringing på stranda. Så ein rask tur til Nazare der vi nytte utsikta, nøtter, fiken og synet av damene i folkedrakter. Heime var det fotballkamp på tv og John Arne Riise som scora for Liverpool, og til slutt "amerikaner".
Onsdag: Første solgløtt på verandaen, tur til Obidos og "amerikanar".
Torsdag var det strålande sol. Familien Fylling Mæle drog til Alcobaca og Batalha, medan Morris, Erlend og Karl, til byen på handel. Om kvelden "amerikanar".
Fredag skein framleis sola, så det blei verandaen, fotball og fottur på føremiddag, biltur til Peniche og Cabo Carvoeiro om ettermiddagen. Eit fantastisk utsyn! Middag i Peniche og Langfredagsprosesjon i vakre Obidos om kvelden.
Laurdag tok Anka, Dag og Peder buss til Lisboa, Karl og Erlend sparka fotball ved huset og sola seg på verandaen først å dagen. Klokka fire blei dei med far på fotballkamp i Caldas da Rainha.