søndag, desember 03, 2006
lørdag, desember 02, 2006
Her flyg vi rett over Caldas da Rainha. Trur det er Peniche vi ser stikke ut i havet. Øya de skimtar lenger ute, er ei øy som er open for turistar berre om sommaren. Då går det båt ut dit
fleire gonger for dag. Fuglereservat, stor borg ytst på klippene med enkel overnatting, og mange turistar om sommaren.
Trur elles det er Lagoa de Obidos vi ser sånn litt brunaktig. Denne lagunen er restar av det som tidlegare knytte Obidos til havet. Hamna forsvann sakte men sikkert i slam og tilgroing. Dette gjorde (som i Brügge i Belgia) at byen misste inntekter og betydning, og blei derfor bevart slik han opprinneleg var, - heldigvis for oss .
Her er litt informasjon på engelsk som eg har kopiert frå internett:
"The Lagoon of Óbidos extends through two branches: Braço do Bom Sucesso towards West, and the Braço da Barrosa facing East. It also borders the municipality of Caldas da Rainha (North) with the Parish Councils of Foz do Arelho and Nadadouro, and the municipality of Óbidos (South) with the Parish Councils of Vau and Saint Maria.
It has a maximum length of 6 kilometres and a width that varies from 1 and 1,5 km, with a NW-SW orientation. According to history books, the Lagoon was actually much larger having reached, in earlier times, the Castle walls of Óbidos.
The natural tendency of the Lagoon of Óbidos is to close its connection to the sea, become a swamp and eventually disappear. Also, with the human presence, silting has increased mainly due to the constant changes that have occurred in the lagoon and which have lead to the accumulation large sediment deposits. However, the population has tried to invert the situation by intervening through dredging, increasing the profundity of the lagoon."
Nei, forresten! Du har heilt rett, Jan; det går ikkje an å slutte å blogge så brått! Vi må ha med heimreisa også. Etter å ha levd med portugisisk språk og litt engelsk i tre månader, kom dei første norske orda vi høyrde frå SAS-flygaren. "Dette er kaptein Ståle Blindheim" - naboen vår på Vigra og fem år yngre enn meg! Eg ba flyvertinna helse han, og blei sidan beden fram i cockpiten. Har no aldri vore i ein cockpit før! Ståle og eg sat og prata, medan andreflygaren styrte flyet! De forstår vel at dette måtte på bloggen?
Då vi landa på Gardermoen, drog Morris videre til Oslo for kontroll på Rikshospitalet, medan eg tok nattbussen heim. Der kom enda eit sjokk. Karl hadde malt alle dei stygge furudørene og alle furulistene i kjelleren kvite, lagt laminatgolv i gangen og malt kommode og speil i gangen kvitt. Det vart så fint! Og dette hadde han gjort oppi alle prøver, leksestress og husarbeid, og ikkje røpa det med eit ord! Kjelleren var ryddig og rein på alle måter og alt var på stell. Eg må få lov til å seie at eg vart imponert! Takk til Olav og Marlene som hjalp Karl! Fantastisk!