Solveig og Morris i Portugal

Vi tar fri frå kvardagen og reiser eit år på lykke og fromme i Portugal. Huset vårt heime er leigd ut, bilen er seld, og barna er blitt ungdommer som klarer seg sjølve. Alt ligg tilrette for eit annaleis år i livet. Året vårt!

lørdag, desember 02, 2006

Nei, forresten! Du har heilt rett, Jan; det går ikkje an å slutte å blogge så brått! Vi må ha med heimreisa også. Etter å ha levd med portugisisk språk og litt engelsk i tre månader, kom dei første norske orda vi høyrde frå SAS-flygaren. "Dette er kaptein Ståle Blindheim" - naboen vår på Vigra og fem år yngre enn meg! Eg ba flyvertinna helse han, og blei sidan beden fram i cockpiten. Har no aldri vore i ein cockpit før! Ståle og eg sat og prata, medan andreflygaren styrte flyet! De forstår vel at dette måtte på bloggen?

Då vi landa på Gardermoen, drog Morris videre til Oslo for kontroll på Rikshospitalet, medan eg tok nattbussen heim. Der kom enda eit sjokk. Karl hadde malt alle dei stygge furudørene og alle furulistene i kjelleren kvite, lagt laminatgolv i gangen og malt kommode og speil i gangen kvitt. Det vart så fint! Og dette hadde han gjort oppi alle prøver, leksestress og husarbeid, og ikkje røpa det med eit ord! Kjelleren var ryddig og rein på alle måter og alt var på stell. Eg må få lov til å seie at eg vart imponert! Takk til Olav og Marlene som hjalp Karl! Fantastisk!