Godt nyttår! Morris og Bendik er i Porto akkurat no. Dei drog med Ryan Air via London i går, og reiser til Caldas da Rainha i morgon med buss. Bor på det samme hotellet som før; det gammeldagse vesle hotellet i utkanten av Ribeira (UNESCO-sona) vi har skrive om før. Der blei dei hjarteleg mottekne av dei tre snille gamle damene, som øyeblikkeleg hugsa både namn og stemme! Då drosjesjåføren skulle ringe og bestille, var alt opptatt, men straks Morris sjølv tok telefonen, vart det brått god plass! Dei er nok redde for å ta inn ukjende om kvelden. Morris og Bendik har det tydelegvis veldig bra, etter dei begeistra stemmene i telefonen å bedømme. Dei har traska over Eiffel-brua til Vila Nova de Gaia. Dei har rusla i Ribeira-distriktet, har vandra i handlegater, og ringte frå ein fortauskafe ved hovedavenyen, desse to gutta på tur.
onsdag, januar 17, 2007
Links
Previous Posts
- Så får de ha takk for fylgjet! No er vi tilbake i ...
- Snart i Murcia. Snø over Sierra Nevada.GranadaSet...
- Bor i Torre da la Horradada, ein halv time sor for...
- Turmålet vårt i det siste har vore byen Armacao de...
- GRATULERER MED DAGEN!Om vi har flagg på 17.mai? Kl...
- Minareten
- Sevilla, (750.000) hovedstad i Andalucia og ein ny...
- Nokre bilete frå turen vår tirsdag i natur- og fu...
- Albufeira var ein positiv overraskelse. Ikkje sli...
- Vi har ombestemt oss, og tar fjorten dagar paa Alg...