No bor vi paa eit lite, koseleg hotell med tre stjerner i byen Caldas da Rainha (43.000), takka vere "Lonely Planet". Rommet vaart er ikkje meir enn 8 kvadratmeter. Ein fantastisk marknad kvar morgon rett nedanfor, og fraa vindauget vaart i övste etasje ser vi langt bortover rekker med ulike raude tak. Flislagde hus er det mange av i denne byen.
Ein behageleg busstur paa motorveg gjennom Alantejo, eit landskap först örkenaktig, karrig og kupert, seinare flatt og milevis med korkskog. Innimellom saag vi korkeiker der delar av stammen var oransje og merka med tal, truleg nettopp barka, - og daa er det ni aar til neste gong. Vi kom til Lisboa over - er det Europas lengste bruspenn? - Paa busstasjonen fekk vi ny buss nordover ganske snart.
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home