Mandag, 11.september
Endeleg kom vi oss til Sagres og Cabo de Sao Vincente, verdens ende for berre nokre faa hundre aar sidan, og Europas sör-vestlegaste punkt. Her oppretta munken, prins Henrik Sjöfararen ein navigasjonsskule (var aldri til sjös sjölv, trass i namnet). Han samla nokre av dei mest begava menn i tida; astronomar, geografar, kartografar, skipsdesignarar og sjömenn her, og la slik grunnlaget for dei store oppdagingane paa 14- og 1500-talet.
St.Vincent derimot var ein spansk prest som var blitt drepen av romarane i aar 304. Legenden seier at han blei skylt paa land ved Cabo de Sao Vincente. Han blei Lisboa sin skytshelgen.
Ein deperat bussjaaför brukte vel ein time fraa Portimao til Sagres i vill fart gjennom eit landskap meir goldt og nakent di lenger vest vi kom. Klynger av kvite hus med raude tak (vi kjende oss heime), ekslusive turistanlegg, enkelte fatttigslege og falleferdige hus paa landsbygda, sitrontre, klematis i alle farger, kaktus og palmer - flott og eksotisk for oss.
Vi overlevde bussturen, mange gonger med den kjende haarsbreidda. Vinden paa verdens ende var nesten kjölig, og vi tok med oss baguettane, osten og drikka vaar ned til ei lun og fredeleg strand.
Bileta faar vi legge inn naar vi kjem til ein stad der vi faar koble til maskina vaar, det er ikkje mykje traadlaust aa finne her.
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home