Vi er på dagstur til Portimao, ein by litt større enn Ålesund. Tok lokalbuss, og fekk hjelp av dei alltid like hyggelege portugisarane. Ein gong vi rota oss bort, brukte ein brasiliansk ungdom, som skulle pa jobb på McDonald, eitt kvarter på å fylgje oss inn på rett veg. Har du først spurt om retning og veg, sørger folk her for at du kjem deg dit du skal.
Vi begynner faktisk å forstå stadig meir av portugisisk språk, men det er langt fram til å kunne føre samtalar med folk. Heldigvis kan dei fleste engelsk, så hittil har det gått bra.
Denne veka på Algarve har gitt ein utruleg behageleg start på året vårt i Portugal.
Praia de Rocha er ei turistmaskin, skal vedgå det. Enorme hotell ligg tett i tett, men her er svært godt tilrettelagt for turistar, - sjølvsagt. Vi har hatt besøk av to digre, - og då meiner eg digre- svarte edderkoppliknende dyr. Kakerlakk? Bille? Edderkopp? Søk på internett ga ingen svar. Ekle var dei i alle fall, og 3-4 cm i diameter. Takk Morris for edelt mot!
Så var det karaokekveld ved bassenget vårt i går kveld. Ikkje nødvendigvis musikalsk, men kraftig og lenge. Det var underhaldande ei stund, der vi sat og nytte kvelden på kongelosjen vår. er bilete av evenementet. Ovanfor er bilete av evenementet.
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home